Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Slagghaug/jernvinneanlegg. Mål: 7,0 x 6,8 m. Den øvste delen av slagghaugen ligg 8 m V for det sørvestre hjørnet på den steinbua som ligg lengst N på Storrli. Sjølve omnen vart ikkje undersøkt i samband med registreringa i 1989. Slagghaugen er ikkje synleg på overflata. I prøvestikket kunne ein sjå eit 23 cm tjukt slagglag. Her var det også ein del omnsforing. Ei C14-datering av trekol frå lokaliteten ga verdien 2070 ± 70 år før notid, med ei kalibrert datering til omlag år 101 f. Kr. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Kolgrop. Mål: 4,5 m i diameter (ytre), 2,7 m i diameter (indre), 0,4 m djup. Det vart tatt eit prøvestikk midt i gropa. Her vart det påvist eit 9 cm tjukt kompakt trekollag. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Tuft. Mål: 4,1 x 3,8 m, SSA-NNV. Nordvestre hjørne på tufta ligg 12 m SV for sørvestre hjørne på den sørlegaste steinbua på Storrli, og på ei flate rett under det høgaste punktet på Storrli. Det vart påvist eit lag med trekolblanda jord med slagg og brent leire i eit prøvestikk inne i tufta. Tufta vart registrert av L. E. Narmo 1989.
Tuft. Mål: 12,0 x 5,7 m, N-S. Tuftene R4 og R5 ligg på rekkje med gavlveggene mot kvarandre. Eit funnførande prøvestikk vart tatt inne i tufta. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Tuft. Mål: 12,0 x 5,7 m (R4 OG R5), N-S. Nordvestre hjørne av denne tufta ligg 27 m SSA for sørvestre hjørne på den sørlegaste av steinbuene på Storrli. Eit prøvestikk som vart tatt inne i tufta var funnførande. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Kolgrop. Mål: 3,8 m i diameter (ytre), 2,5 m i diameter (indre), 0,5 m djup. Det vart påvist litt trekol i prøvestikk tatt i gropa. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Tuft. Mål: 6,4 x 5,8 m. Nordvestre hjørne av tufta ligg 46 m NV for nordvestre hjørne på den sørlegaste av steinbuene på Storrli. I prøvestikket tatt inne i tufta vart det påvist både trekol og slagg. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Lokaliteten er ein open buplass som er lokalisert på ei mindre flate ovanfor sørenden av Nesevatnet. Lokaliteten ligg ikring 18 meter over havet. Det vart tatt åtte prøvestikk, kor tre var funnførande.
Tuft. Mål: 5,6 x 5,6 m. Det vart tatt to prøvestikk i tufta; eit i sentrum av tufta og eit i vollen. Det vart påvist trekol i begge prøvestikka. I tillegg vart det funne slagg i vollen. Registrert av L. E. Narmo 1989. NB: ikkje kartfesta.