1702368
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Lafta bygning i to etasjar på gråsteinsgrunnmur. Saltak tekt med raude, enkeltfalsa panner. Hovudfasade med gavl mot sjøen, på motsett gavl eit einetasjes tilbygg med pulttak. Liggande kledning, dels nyare kledning med staff, dels eldre kledning med skarpkanta bord. Gavlfasaden har to vindauge og hovuddør i 1, etasje, tre vindauge i 2. Hovuddøra er ei tofløya fyllingsdør, ramma inn av kannelerte pilastrar som ber ein profilert gesims. Ei tørrmura trapp med hogde trinn fører opp til døra. Vindauga er småruta krysspostvindauge med fire like store rammer. Langveggen mot V har fem vindauge av same type, samt eit enkelt vindauge i tilbygget. Dei to andre veggene har for det meste tofags vindauge av gammal type. Ingen av vindauga er originale, dei i gavlfasaden er nye kopiar (seint 1900-tal). På baksida ei sveitsarprega dør. Ei pussa pipe. Dørene og portalen grøne, elles er alt kvitmåla. - To etages byprega bustad med inngong på gavlsida mot sjø,- tømra vegger og kledd med staffkledning ute uglasert tegl på tak og innl. vatn
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon