1745190
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Heddal stavkyrkje er ei treskipa langkyrkje med eit heva midtrom og er i si noverande form den største av dei bevarte stavkyrkjene. Midtrommet, som er bore på grunnstokkar, har tre mellomstavar i kvar av langveggane, samt ein stav i kvar kortvegg. Dei fire hjørnestavane i skipet, samt plankeveggane i omgangen er opphavlege. Både skipet og koret har heva midtrom, samt at dei begge har takryttar. Heile kyrkja er omkransa av ein svalgang i tillegg til at kyrkja har ein apsis ved enden av koret i aust med både spir og kjegleforma tak. Kyrkja vart kraftig restaurert i 1849-51 av arkitekt J.H. Nebelong. Arbeidet som då vart utført medførte at det var naudsynt med ei ny restaurering i perioden frå 1930 til midten av 1950-talet. Kyrkja vart då tilbakeførd til antatt utforming frå mellomalderen. Gjennom Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram vart kyrkja sett i stand i perioden 2005-2015.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
opphav
- Riksantikvaren, Hovedkontor