1886943
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- BYGNINGSBESKRIVELSE:
Styrarbustaden er ein austnorsk villatype i nyklassistisk stil tilpassa ein noko anleis funksjon. Huset i to etasjar står på ein full kjellar i betong. Ytterkledninga er tømmermannspanel, stort sett slik det opphaveleg var. Taket er kledd med lokalprodusert flat betongstein. Gerikten over hoveddøra er original, men døra er skifta ut. Likeeins er troppa inn til huset skifta ut med ei industritropp i ekstrudert aluminium. Den ytre kjellardøra er original, men dei andre ytterdørene er skifta ut. Alle vindaugo er skifta ut med husmorvindauge med utvendige sprosser.
HISTORIKK
1935 - 1936: Dette huset vart bygd som styrarbustad. Huset er eit våningshus av austnorsk type i nyklassisistisk stil
1950: Den metta engelskraude farga på huset vart erstatta med lys gul farge slik huset har i dag.
1968: 2.etg moderniserrt
1979: Alle vinduge blei skifta ut med husmorvindauge med utvendige sprosser, bortsett frå loftsvindago som er originale. Utvendige dører er også skifta ut, bortsett frå ei kjellardør.
2006: Huset blir restaurert og modernisert innvendig tilpassa bruksbehovet i dag.
Arkitektoppdraget for styrarbustaden på Svanhovd fekk Harald T. Sund (1876-1940). Sund var sterkt inspirert av norsk byggeskikk og arkitekturhistorie. Han omsette eldre arkitketur til eit moderne prega formspråk utan å kopiere førebilete. Han stod for ei nøktern formgiving og denne bygningen er eitt av dei få profane bygningar som Sund teikna som står att og som ikkje vart brend ned i 1945.
Huset er utvendig slik det vart bygd, men med visse utskiftingar av dører og vindauge. Innvendig har det skjedd ein del moderniseringar.
FORMÅL OG BEGRUNNELSE:
Formålet med fredinga er å ta vare på styrarbudstaden som representant for ein villatype i nyklassistisk stil og som ein viktig del av tunet som viser Svanhovd som forsøks- og demonstrasjonsgard og administrasjonssenter for norsk bureising som ledd i koloniseringa av Pasvikdalen.
Formålet med fredinga er vidare å sikre hovudstrukturen i det arkitektoniske uttrykket og detaljeringa så som fasadeløysing, opphavlege og eldre delar som dører og vindauge, samt materialbruk og overflater. Formålet med fredinga av interiøret er å oppretthalde opphavleg rominndeling med opphavlege og eldre bygningsdelar, overflater og materialbruk, belysning, armaturar og detaljar, samt opphavleg, fast inventar.
Styrarbustaden vart oppført samstundes med fire andre bygningar og inngår som ein viktig del av tunet. Denne bygningen er saman med dei andre eit av dei få byggverk som står att etter arkitekt Harald T. Sund. Bygningen og bygningsmiljøet fortel om bureisinga og koloniseringa i Pasvikdalen, forsøksverksemda og staten sin sentrale rolle i området.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 22a (Fredning av byggverk og anlegg i statens eie)