1888986
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- BYGNINGSBESKRIVELSE:
Fasaden til driftsbygninga frå 1937 er omlag slik den var, bortsett frå at det er bygd på ein breiare del med to siloar i aust. Det er ein silo på kvar side av køyrebrua som tidlegare var av tømmer, men som utvendig no er i betong. Vindaugo i fjøset var opphaveleg småruta glas med tre ruter i høgda. Eitt slikt vindauge står att i gavlen. Bygget har ei utkraging i andre etasje. Huset har tømmermannspanel i første etasje og slett låvepanel i andre etasje med liggjande panel i gavlen. Gjødselkjelleren er av betong. Takstolkonstruksjonane er endra etter 1936-37. Mellom anna er innvendig køyrebru fjerna, låven opna opp og gjeve rom for innstallering av elektrisk skinne og heis med høygrabb.
HISTORIKK:
1935: Driftsbygningen vart oppført.
(1937: Satt som byggeår i SKE)
1951: Påbygd med ein ny silo.
1966: Takstolane vart opne og frittbærande
1970: Fjøset vart utvida og modernisert.
1975: Ny modernisering og utviding.
1978: Driftsbygninga restaurert
Huset ser ut som driftsbygningar flest i Norge, med husdyrrom for mjølkeku i første etasje og låvebru og lagerrom for høy i andre etasje. Bygningen har gjennom åra endra karakter gjennom påbygging av siloar og ved at den opphavelege køyrebrua er fjerna og takkonstruksjonen endra slik at takstolane på låven er opne og frittbærande. Fjøset har dessutan fått tette gjødselportar og våtkomposteringsanlegg for husdyrgjødsla. Huset var i bruk for mjølkeproduksjon fram til 2005.
FORMÅL OG BEGRUNNELSE:
Formålet med fredinga er å ta vare på driftsbygningen som ein viktig del av det gamle tunet som viser Svanhovd som forsøks-og demonstrasjonsgard og administrasjonssenter for norsk bureising som ledd i koloniseringa av Pasvikdalen.
Formålet med fredinga er vidare å sikre hovudstrukturen i det arkitektoniske uttrykket og detaljeringa så som fasadeløysing, opphavlege og eldre delar som dører og vindauge, samt materialbruk og overflater.
Bygningen vart oppført samstundes med fire andre bygningar og dannar ein viktig del av tunet. Denne bygningen er saman med dei andre eit av dei få byggverk som står att etter arkitekt Harald T. Sund. Bygningen og bygningsmiljøet fortel om staten si satsing i kolonaliseringa av Pasvikdalen, forsøksverksemda og staten sin sentrale rolle i området.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 22a (Fredning av byggverk og anlegg i statens eie)