1892480
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- BYGNINGSBESKRIVELSE:
Stabburet er tømra i 1. etasje og stod opphaveleg på åtte betongpillarar. Den andre etasjen har bindigsverksveggar. Den omkringgåande svalen er fiktiv. Ei avdeling utgjer den eigentlege svalen. Målinga på tømmeret er fjerna.
Opphaveleg var det to separate lagerrom i første etasje. Andre etasje hadde uhøvla tømmermannspanel. Det er spor etter dei opphavelege gluggane under vindaugo. Gluggane var truleg utan glas.
Bygningen står no berre på betongpillarar i bakkant. Stabbursklokka og tårnet var ikkje med på teikninga til Sund i 1938. Dørane er nye, er i flamma panel og liknar dei opphavelege.
HISTORIKK:
1939: Stabburet vart bygd.
1968: Stabburet ominnreidd for forsøksverksemd, og vindaugo utvida.
1991: Stabburet gjort om til leiligheiter, med kjøkken, stove og fire sengeplassar. Vindaugo blir utvida.
Stabburet vart bygd i 1939. Huset vart i førstninga nytta som stabbur, men helst bygd fordi det var ein naturleg del av eit gardstun. Huset vart ominnreidd til forsøksformål i 1968 og i 1991/92 vart huset gjort om til ei lita leiligheit, med kjøken, stove og fire senger.
FORMÅL OG BEGRUNNELSE:
Formålet med fredinga er å ta vare på stabburet som ein viktig del av det gamle tunet som viser Svanhovd som forsøks- og demonstrasjonsgard og administrasjonssenter for norsk bureising som ledd i koloniseringa av Pasvikdalen.
Formålet med fredinga er vidare å sikre hovudstrukturen i det arkitektoniske uttrykket og detaljeringa så som fasadeløysing, opphavlege og eldre delar som dører og vindauge, samt materialbruk og overflater.
Stabburet vart bygd omlag samstundes med dei andre bygningane i tunet i samband med opprettinga av Svanhovd, og av den grunn del av eit verdifullt bygningsmiljø som fortel om staten si satsing og forsøksverksemda. Stabburet er saman med dei andre bygningane ein viktig del av tunet.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 22a (Fredning av byggverk og anlegg i statens eie)