1944972
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Vedskjulet er sannsynlegvis ei eldre bu som er blitt gjenbrukt som vedhus. Det er usikkert kor gamal bygningen er, men sannsynlegvis er den frå 1800-talet. Bygningen står bak stabburet om lag på linje med kårhuset. Bygningen står på eit fundament av tørrmurt stein. Den er lafta i halvanna etasje med ein ås- og sperretakkonstruksjon. Det er tydelege spor i tømmeret etter endring av etasjehøgda, då ein ser hol etter tidlegare bjelkelag to stokkar nedanfor eksisterande bjelkelag. Ytterveggane er eit umåla lafteverk. Bygningen har sannsynlegvis opphavleg hatt torvtak men er i dag tekka med plater (byljeblekk). Nederste del av bygningen er trekt ein del tilbake i gavlen mot kårstova slik at inngangsdøra vert overbygd. Bygningen har kun eitt rom som har tre vindausopningar, ein i kvar gavlvegg og ein i sørveggen. I dag er det ikkje sett inn noko vindauga i vindaugsopningane.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)