230918
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Ei midtromskyrkje med fire kraftige hjørnestavar som ber midtrommet. Mellom stavane er det spent kraftige bogar der mellomstavane er forankra. Både skip og kor har heva midtrom og på taket av skipet er eit nytt tårn frå 1857. I skipet er grunnstokkar, hjørnestavar, stavlegjer og sperrer for omgangstaket opphavleg, medan i midtrommet er hjørnestavane, mellomstavane, plankeveggane, stavlegjene og sperreverk i taket bevara. Gjennom årringsprøver er kyrkja datert til 1179, i tillegg er ei runeskrift i kyrkja knytt til Erling jarl, som fell ved slaget på Kalvskinnet i 1179. Kyrkja vart utvida i nyare tid. (1822-23) Langveggane til skipet er flytta ut og skipet er forlenga mot vest. Kyrkja har to store vangeportalar, i tillegg til den innvendige skurden. Den gamle takryttaren står som kyrkjegardsport, i likskap med Borgund stavkyrkje har den fire gjennomskorne medaljongar med dragar eller løver som strekk hals og bit seg fast i naboen. Gjennom Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram vart støpulen sett i stand og tørrmuren under kyrkja utbetra, samt at taktekkinga og kyrkjekunsten vart restaurert.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
opphav
- Riksantikvaren, Hovedkontor