• 2533964

    id
    • 2533964
    bygningsnummer
    • 156026018
    datafangstdato
    • 1995-10-04T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2012-01-06T00:00:00Z
    informasjon
    • Treskipa langkyrkje med kor og svalgang samt ein seinare tilført apsis. 20 stavar på grunnstokkar ber det heva midtrommet i skipet, medan det heva midtrommet i koret er bore av sju stavar. Kyrkja har bygningselement frå fleire ulike byggeperiodar. Det noverande koret er truleg bygd eit stykke inn på 1200-talet. Stilhistorisk kan korportalen plasserast i same periode som skipet, som kan tyde på at kyrkja og har hatt eit tidligare kor. Skip, kor og apsis er delar frå mellomalderen og har den karakteristiske oppbygginga med to tak over kvarandre. Det øvre saltaket er over det høge midtrommet, medan dei nedre pulttaka dekkjer omgangen som omgjev midtrommet på alle fire sider. I mellomalderen var kyrkja omkransa av ein svalgang, med eit tredje lågare tak. Den øvre delen av skipets hovudrom har under mellomalderen vorte utstyrt med tenger og andreaskrossar. På 1600-talet gjekk kyrkja gjennom store endringar, mellom anna vart det, grunna plassmangel bygd om til krosskyrkje. I 1634 vart skipet utvida mot vest med eit tømra tilbygg, i tillegg til takryttar med spir. I 1663 vart det bygd til tverrskip i nord og sør, eit arbeid som vart leia av kyrkjebyggar Werner Olsen. Sakristiet på koret si nordside vart og bygd om av Olsen, innreidd med skriftestol. Skipet fikk flatt loft i 1663, medan koret hadde fått flatt loft tidlegare, utstyrt med takmåleri i 1608. I samband med utvidinga på 1600-talet vart svalgangane rive slik at det kunne setjast inn større vindauge enn de små gluggane oppe ved taket. Gjennom Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram vart kyrkja sett i stand. Kyrkja er framleis i bruk.
    kulturminneDatering
    • 050
    kulturminneDateringKvalitet
    • 1
    kulturminneDateringMetode
    • skriftligKilde
    KulturminneEnkeltminneArt
    • 10157
    kulturminneHovedMateriale
    • 02
    kulturminneKategori
    • E-KRK
    kulturminneOpprinneligFunksjon
    • 2700
    lokalId
    • 84322-1
    navn
    • Lom stavkyrkje
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T01:10:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    opprinneligSosialtMiljo
    sefrakId
    • 0514-0007-260
    vernetype
    • AUT
    vernedato
    • 2000-11-20T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    versjonId
    • 20180301