2535949
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Lafta bygning i tre etasjar, som ligg lengst framme i bygningsrekkja, ut mot Bryggen. Opphavleg ei sjøstove, dvs. innreia med lagerrom i 1., og kontor- og bustadrom i 2. og 3. etasje. På langsida mot passasjen svalgang i alle etasjar i den bakarste 2/3 av bygningen, i dag innkledd og med vindauge av ulike typar. Saltak tekt med raud tegl, ei vindeark på langsida mot passasjen. Fasaden mot Bryggen har raudmåla supanel og grøne krysspostvindauge i 2. og 3. etasje og oppe i gavlen, dei fleste truleg frå midten av 1900-talet. Øvst i gavlen ei rund luke. For å gje opning til passasjen i garden er 1. etasje rykka inn på venstre side. 1.etasje har hatt butikkfasade sidan slutten av 1800-talet; den noverande er frå ca. 1930 og er av lakka mahogni, med store glasruter og dør med nyrenessanseprega dekor. Øvst har butikkfasaden eit innramma, glatt felt i heile husbreidda, tidlegare lakka mahogni, men no raudmåla; i feltet firmanamnet ”Knut Skurtveit” i store, gulmåla bokstavar i lågt relieff.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon