2535977
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Hovudbygningen har ein samansett form og er prega av ei rik detaljering i empirestil. Midtpartiet er i to etasjar, lafta og kledd med liggande panel, og med ein T-forma bygningskropp. Både hovud- og tverrfløya har utsvaia valmtak på ein kraftig gesims. Endeveggen av tverrfløya mot aust har ein balkong med balusterrekkverk i 2. etasje, med svakt boga front, boren av doriske søyler, og under balkongen ein forhall med golv av sekskanta fliser, tofløya inngangsdør og vindauge utforma som små rundboga arkadar. Ein portal med joniske halvsøyler og forkrøppa bjelkeverk fører ut til balkongen. Ein liknande portal finst midt på den symmetriske hovudfasaden mot vest. Vindauga er høge krysspostvindauge med åtte ruter og sjalusilemmar. Rundt nord-, vest- og sørsida ei terrasse med balusterrekkverk, dels på gråsteinsfundament, og i vest boren av doriske søyler med ein panelvegg mellom og med halvrundt, framskytande midtparti og ei svinga trapp ned til hagen. På kvar side av tverrfløya eit mellombygg i ein etasje, av litt ulik form, men begge med lågt saltak og eit konkavt veggparti mot vest. Frå mellombygga strekk seg mot nord og sør lange, låge utbygg med ei ubroten vegg av ståande glattpanel mot aust, og mot vest søylegangar med doriske søyler, og pulttak. Murane langs sør- og nordsida av hagen er knytt saman med desse utbygga nær endane av dei. Heile bygningen er kvitmåla.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon