2535984
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Stor, langstrakt bygning i to etasjar. Første etasje har yttervegger av mur og innvendige skiljevegger av utmura bindingsverk, andre etasjar ha utmura bindingsverk i både ytter- og innervegger. Utvendig har huset slemma teglmur på kortsidene, og liggande panel på langveggene ¿ mot N med kvartstaff, mot S utan profil. N-veggen har enkle pilastrar utanpå panelet. Utsvaia valmtak tekt med raud tegl, med ein liten spissgavla kvit og to pulttakskvister. Fire piper langs mønet. Huset står på eit gråsteinsmura, kvitkalka fundament, i sterkt skrånande terreng: austenden er skoren inn i terrenget, medan det under vestenden er ein full kjellaretasje. På nordsida eit karnappaktig utbygg i 1. etasje, panelt og med saltak, og med innebygd trapp ned til bakken. På same vegg er ein høg gråsteinsmura trapp opp til 1. etasje. Austsida har ein nyare tretrapp opp til andre etasje. Sørsida har ein gråsteinsmura trapp, lagt i rett vinkel på veggen, opp til hovuddøra. Tre av fasadane har 1800-tals vindauge: i 1. etasje krysspostvindauge med fire like store rammer, med to ruter i kvar, i andre etasje toramsvindauge med tre ruter i kvar ramme. På nordsida stort sett småruta 1700-tals vindauge, til dels med tverrifla gerikter. Hovuddøra på sørsida har ein enkel stikkboga portal, over sideinngangen på sørsida er eit ovalt vindauge med rifla gerikter. Kjellarmuren har ut mot gate to opningar med jernluker, og ein oval minnetavle av stein over Ludvig Holberg, sett opp tidleg på 1900-talet. Kjellaren har òg ei rekkje muranker med liljeform, medan det oppe på austveggen er to enkle muranker. Huset er måla i okergult med mørk grøne detaljar (vindauge, dører, hjørnebord, trapperekkverk).
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon