2536033
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Ein-etasjes lafta bygning med saltak og stor gjennomgåande midtark med svakt svaia saltak. Frambygg med saltak utan svai og listverk i sveitsarstil i sørfasaden. I nordfasaden er det to likestilte inngangsdører plassert symetrisk under den gjennomgåande midtarka. Dette fyllingsdører i enkel louis seize-stil. Også mange av vindauga har louis-seize stilpreg: Ovale gavlvindauge med kløverkransbekroning i både sør- og nordfasaden av midtarka. Det er sluttstein i listomraminga til fleire av vindauga i bygningen, men dette gjeld ikkje alle. Seks fire-rams vindauge med 2x3 ruter i ramma symmetrisk plassert i hovudetasjen i nordfasaden. To fire-rams vindauge i midtarka på denne sida, men her med ei rute i øvre og to i nedre ramme. I sørfasaden eitt fire-rams vindauge med 2x3 ruter i ramma vest for frambygget, eitt i midtarka over og to aust for frambygget. Sjølve frambygget er det tre enkle eitt-rams vindauge med seks ruter. På kvar side av dette er det også eit smalt to-rams vindauge med ei rute i øvre og to i nedre ramme. I vestfasaden to eitt-rams vindauge med seks ruter i hovudetasjen og eitt-rams med ni ruter i gavlen. I austgavlen eit bua vindauge med sluttstein i karmen, dette eitt-rams med ni ruter. Under dette er det to fire-rams vindauge med 2x3 ruter i ramma og sluttstein i listomraminga.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon