2536057
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Stor, langstrakt bygning i to etasjar, som ligg langs heile søraustsida av gardsrommet. Låg, pussa sokkel. Bygd av flattelgja laft med utvendig kledning av enkelt supanel, valmtak tekt med raud enkeltkrum tegl. I kvar kortende to særs store vindauge til salane som går gjennom to etasjar, flankert av små vindauge til sovekammersa. Langveggene har lange rekkjer av vindauge i begge etasjar, av litt ulike typar ¿ i første etasje mest småruta toramsvindauge, elles ein- eller toramsvindauge med i alt fire ruter. Mot gardsplassen tre tofløya dører med glasruter i, på andre langsida ein tilsvarande og ein enkel ytterdør, alle med eit eller to utvendige trappetrinn med skiferheller, på baksida med jerngelender. Dørene blå, langsida mot gardsplassen grøn, gavlen i sør og bakre langside lys oker, begge med gråkvite detaljar (gesims, hjørnebord, gerikter), gavlen i nord heilt gråkvit.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon