2536058
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Kyrkje bygd av flattelgja laft, kledd med enkelt supanel. Rektangulært skip, tilbygd tverrarm i sør, tårn i vestenda av skipet, kor som er litt smalare enn skipet. På kvar side av koret eit lite rom, vindfang i gavlveggen på tverrarmen. Korgavlen bygd saman med hovudbygningen, der det er innreia eit sakristi. Eit stort, utsvaia tak tekt med svartglasert enkeltkrum tegl er lagt over skip og kor, med valm over koret og gavl som går over i tårnet i vestgavlen, eit tilsvarande valmtak på tverrarmen, også valmtak på vindfanget. Tårnet er i vestgavlen markert med lisenar, og framstår elles som ein takryttar med ein lett inntrekt lanternin og høg, spiss og utsvaia hjelm. Både spiret og det vesle skråtaket under lanterninen er koparkledde. To spissgavla lysarker på langsida mot nord, med småruta vindauge. Kyrkjerommet har store, småruta vindauge med stikkboga overkant, i vestgavlen eit par små, firkanta vindauge. Gesimsane har enkel holkilform, hjørneborda har øvst oppe to lister som gir preg av forenkla kapitel. Mot gardsplassen grønmåla, med kvite detaljar (hjørnebord, gesimsar, gerikter, vestgavlen og langsida mot gata heilt kvite. Tofløya dør i vest, enkel dør i sør, begge blåmåla fyllingsdører.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon