2536117
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- I hovudsak står bygningen med eksteriør og planløysingar som etter restaureringa i 1922. Ytterveggane er dels tømra og dels stenderverk. Kledinga er av liggande sua panel. Der er dekor ved hjørnekassene. Første etasje har krysspostvinauge med 4 like rammer, kvar med 2x3 ruter. Unntaket er hovudfasaden i aust, der det er 3x3 ruter i rammene og på kvar side av inngangsdør to-rams vindauge med 3x3 ruter i rammene. Alle desse vindauga er truleg frå ombygginga i 1922. Takarkene har torams vindauge med 2x4 ruter, dei og truleg frå 1922. Alle takflatene har små takvindauge av velux-type. Kjellarvindauga varierer meir, men er for det meste torams vindauge med 2x3 ruter. Der er ulike ytterdører i bygningen. Hovuddør i fasaden mot gardsommet har portal prega av louis seize. Dørbladet er skifta ut med kopi av opphaveleg, og både det og dei to andre dørene mot gardsrommet har empirepreg. Dei to andre sidene på huset som har ytterdører, har dørblad med glasfelt. Kjellarane har ulike dører frå enkle labankdører til kjellardører med glasfelt.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon