2571688
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Beskrivelse fra lokalitet:
Forum kino vart reist av Bergen kommunale kinematografer og var eit ledd i utbygginga av eit nytt sentrum for dei sørlege bydelane i Bergen. Bygginga tok til i 1939, men grunna okkupasjonen vart kinoen først innvigd i 1946. Forum var i bruk som kino til 2005. Kinobygningen er teikna av arkitekt Ole Landmark, ein av dei fremste arkitektane i Bergen i mellomkrigstida. Utforminga tek utgangspunkt i den særprega fasongen på tomta, ved at kinosalen har fått ein vifteform som følgjer sidene i den trekanta tomta, og ytst i spissen ligg inngangs/billetthallen og vestibylen. Desse ulike romma kjem til syne i eksteriøret som klart markerte, geometriske volum. Formspråket kan karakteriserast som art deco, med hovudformar prega av funksjonalismen, men med eit meir klassisk preg både i den monumentale, symmetriske volumoppbygginga og i detaljane. Innvendig utgjer publikumsinteriøra ein samanhengande romkomposisjon, til dels med forseggjort materialbruk. Både ut- og innvendig er kinobygningen i hovudtrekka svært lite endra.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kinobygningen har ein form som følgjer den trekanta tomta, med inngangs/billetthallen og vestibylen ytst i spissen. Kinosalen, vestibylen, billetthallen og korridorane kjem til syne i eksteriøret som klart markerte, geometriske volum med pussa murflater. Over ein sokkel danna av korridorane langs sidene reiser dei andre bygningsledda seg, trekt tilbake frå fasadelina. Salen har ein enkel, lukka form. Vestibylen består av to blokkar over kvarandre, begge med avrunda kortender, den øvste med glasfelt heile vegen rundt. Billetthallen har ein rikare og meir open utforming: endeveggen er delt inn av fire lisenar av granitt som fortset opp over gesimslina, mellom dei er dei tre inngangsdørene av edeltre, og over desse ein utkraga baldakin og tre store vindaugsfelt. Formspråket kan karakteriserast som art deco, med hovudformar prega av funksjonalismen, men med eit meir klassisk preg både i den monumentale, symmetriske volumoppbygginga og i detaljane. Eit folkebibliotek vart bygd som del av kinoanlegget. Det ligg som eit separat volum, i tre etasjar med eit lågt valmtak, i forlenginga av sidefasaden mot Jonas Lies vei. Biblioteket har ei meir klassisistisk fasadeutforming, med midtstilt portal krona av byvåpenet, og krysspostvindauge i tett, jamn takt i dei øvre etasjane.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)