2571703
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Beskrivelse fra lokalitet:
Tobakksbutikken Reimers og Søns eftf. er eit intakt butikkinteriør frå 1920-talet, det siste som er bevart i gjenreisingsområdet etter bybrannen i 1916. Butikklokalet ligg i Olav Kyrres gate 1, som er det søraustlege hjørnet av kvartalet som i dag utgjer kjøpesenteret Galleriet i sentrum av Bergen. Bygningen, teikna av arkitektane Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø, vart oppført i 1927 som del av gjenreisinga etter bybrannen i 1916. Bygningen vart reist med ei samanhengande rekkje butikklokale på gateplanet. Butikken rett nord for hovudinngangen mot Olav Kyrres gate husa tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. frå bygningen var ny. Dette var ei tradisjonsrik verksemd, grunnlagt i 1847 og i drift heilt til 2003. Sidan då har butikklokalet romma ein kafé.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Butikklokalet til den tidlegare tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. ligg i 1. etasje mot Olav Kyrres gate, rett nord for hovudinngangen. Lokalet målar rundt 3,5 x 9 m og fyller breidda av eitt fag av betongskjelettet og fasadearkitekturen. Lengst inne er eit lite bakrom delt av frå hovudrommet. Butikklokalet peikar seg ut ved at det framleis har i behald mesteparten av den opphavlege faste innreiinga frå 1920-talet. Det er ikkje kjent kven som var arkitekt for interiøret. Hovudelementa er ei stor hylle langs den eine langveggen og fyllingspanel på den motsette veggen. Kortveggen ut mot gata har eit stort vindaugsfelt og inngangsdør. Trerammer med blyglas, som stammar frå ein opphavleg skjermvegg bak vindaugsutstillinga, er brukt opp att i opninga inn til bakrommet og i nedste delen av vindauget. Hovudkonstruksjonen i bygningen er synleg, med søyler og bjelkar av armert betong, pussa og måla. Innreiinga er utført i ulike typar edeltre med utskjeringar og intarsiadekor. Hovudpreget er ein lett, elegant og fantasifull nyklassisisme, der det mørke treverket med sirleg dekor står mot ein bakgrunn av lyse, glatte murflater.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
navn
- Tobakksbutikken Reimers og Søns eftf. AS
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)