2664292
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Hovudhuset er eit trefløya tømmerhus i ein etasje, med ein dominerande hovudfløy og to korte sidefløyer på baksida. Kledd med liggande panel, valmtak utan svai, tekt med svart glasert stein; sidefløyene endar i gavlar. Fire kraftige, pussa piper, og to små arker med boga tak på baksida av hovudfløya. Låg, pussa grunnmur. Den symmetriske hovudfasaden mot SV har midt på ein tempelgavl boren av to doriske søyler. Hjørneborda utforma som doriske pilastrar, profilert gesims. Hovudfløya har høge krysspostvindauge med 8 ruter; midtpartiet i tempelfronten har ei dør utforma på same måte, flankert av "halve" vindauge. Sidefløyene har krysspostvindauge med seks ruter, og vindauge med boga overkant øvst i gavlane. I det eine innarhjørnet mellom fløyene eit vindfang med tofløya dør frå seint 1800-tal med glasfelt; eit lite utbygg med pulttak for enden av den andre sidefløya, som òg har ei inngangsdør til det hellelagde gardsrommet mellom fløyene. Dørene på baksida grøne, elles er heile huset kvitmåla.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon