2665230
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Kafeen vart nytta som matrom for tenarane. Om sommaren var det mange menneske som arbeidde på Dalheim og det vart ikkje plass til at alle kunne ete på kjøkkenet. Kafeen var bygd like bak hovudhuset, ved sida av tenarbustaden, slik at det var kort veg frå kjøkkenet i hovudhuset til kafeen. I bakre del av bygningen er det eit rom som har hatt funksjon som eldhus.
Kafeen ligg vinkelrett i forhold til tenarbustaden og er eit lågt langstrakt bygg. Grunna fall i terrenget er det ei trapp opp til inngangen i gavlen. I framkant av inngangsdøra er takutstikket trekt ut slik at ein her har ein liten terrasse med takoverbygg der avslutninga i gavlen har mange av dei same trekka som gavlen på stabburet, men her er det ein ekstra boge på var side og den er kun måla i same grønfarge som resten av huset. Huset har ein høg mur i front som skrånar bakover med terrenget. Øvre del av huset er kledd med liggande panel, og saltaket er tekka med torv. Over mønet er det plassert ein liten takrytter for klokka som ein kunne kime med når det var mat. I gavlveggen mot nord er det ei tofløya kvitmåla dør som leier inn til kafeen. På kvar av langsidene er det eit treramsvindauga med 12 ruter i kvar ramme av same typen som vi finn på resten av anlegget. Inngangsdøra til kafeen er ei tofløya kvitmåla fyllingsdør. Det er også ei innvendig dør her med insektnetting slik at det skulle vere mogleg å ha ytterdøra open for lufting utan at det kom inn insekt.
I sørgavlen er det eit tilbygg med to rom inngangen til begge rommet er utanfrå gjennom enkle kvitmåla labanksdører. Desse romma utgjer ei reiskapsbu og ein utedo.
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)