2665236
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Villaen på Dalheim skil seg frå mykje av den samtidige villaarkitekturen i Noreg. Med sitt låge langstrakte preg, og mange samansatte volum flyt den ut over og glir inn i det storslåtte landskapet i Olden. Bilvegen går opp til kjøkkeninngangen og tidlegare var det ein gangsti frå Studio og opp til hovudinngangen. Ein gangsti gjekk og frå tunet ved kjøkken inngangen rundt på framsida av huset og til hage- og hovudinngangane. Karakteristisk for villaen er det låge langstrakte preget, dei mange småruta vindauga og dei store taka med svært open takvinkel og flate takopplett på begge langsidene. Den skarpe mintgrønefargen på villaen og dei andre bygningane er eit framandelement i vestlandsarkitekturen og bidreg til at huset skil seg frå dei tradisjonelle bygningane i området.
Villaen har mange fellestrekk med samtidige amerikanske herskapshus og vi finn her klare trekk frå den samtidige prærie arkitekturen som vart utvikla i Midtvesten på byrjinga av 1900-talet. Typiske kjenneteikn på prærie arkitekturen er dei horisontale linjene, nokså flate valma tak med store takutstikk som pregar bygningen og vindauga som går i horisontale bånd. Samhandling mellom bygning og landskap, solid konstruksjon og høg kvalitet i material og handverk , i tillegg til ein begrensa bruk av dekor er andre typiske trekk frå denne stilen.
I villaen på Dalheim finn vi tydeleg att det horisontale preget, dei store taka med ein låg takvinkel samt vindaugsbånd i delar av eksteriøret, slik vi til dømes ser det i hagestova. I tillegg så er material- og handverkskvaliteten på både villaen og dei andre husa svært høg. Dekoren på bygningen er svært begrensa og knyter seg i hovudsak til dekor på ytterdørene sine fyllingar som har fått ein svært enkel geometrisk dekor. Samansettinga av dei ulike bygningsvoluma med ulik høgdeform og takvinkel, samt bruken av karnapp i enkelte rom er med å gje huset ei variert form som igjen peikar mot dei amerikanske prærie husa frå same tid. Ut i frå heilskapen i villaen si utforming er det nærliggande å sjå på villaen som ein noko forenkla og fornorska versjon av Midtvesten sine præriehus.
Kjellaretasjen er bygd i teglstein medan resten av huset er i tre og kledd med liggande vestlandspanel. Skifertaket er halvvalma med ein svært open takvinkel og dei ulike delane av bygningskroppen har ulik takhøgde noko som er med å gje huset eit lågt og langstrakt preg, samstundes som det i dei låge veggane mellom takflatene er sett inn vindauga som gjev lys til romma i andre etasje. Huset har mange småruta vindauga, som gjev mykjelys inn i romma innanfor.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)