2787450
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Kalksteinsiloen ligg på importkaia med langsida mot lossekaia i nord. Han har ei rektangulær hovudform og byggematerialet er armert, ubehandla betong. Siloen er bygd i to trinn, med den eldste og lågaste delen mot vest (ikkje freda) og den nyaste delen mot aust. Den eldste delen har enkle siloceller, medan den nyaste er ein stor, rektangulær silo med fem tappetutar. Mot sjøen i nord har 1. etasje vindauge og døropningar, medan siloane utgjer 2. etasje og er synlege i fasaden som ein stor, massiv vegg utan opningar på den nyaste delen. Den eldste delen har i dag platekledde opningar i silodelen og døropningar i 1. etasje. Siloane har ikkje tak. Sørfasaden har vindauge i to etasjar og konstruksjonen og etasjeskilja er markerte som lisénar og band. Desse etasjane har flatt tak med metallrekkverk. Lengst mot aust på sørsida er eit skråstilt utbygg med ein større opning i 1. etasje kor tomme vagger vart ført inn frå taubana. Vest for opninga for vagger, ligg prøvestasjonen for kalk. Stasjonen ligg vinkelrett på siloanlegget og er ein stålkonstruksjon tekt med bølgjeplater. Han har ei traktforma opning øvst for fylling ovanfrå med kran. Bygget har eit seinmodernistisk, funksjonsretta preg. Det er bygd samtidig med importkaia og er eit resultat av ei rekkje moderniseringar som vart gjort ved smelteverket på 1950-talet.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
navn
- Kalksteinssilo, austlege halvdel (bygg 5)
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)