• 2948807

    id
    • 2948807
    bygningsnummer
    • 177467855
    datafangstdato
    • 1900-01-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2012-01-06T00:00:00Z
    informasjon
    • Driftsbygningen vart reist rundt 1923/28 (kjeldene oppgjer ulike årstal) og erstatta fleire tidlegare uthusbygningar i tunet. Den er plassert aust for steinstova og er med sin storleik eit dominerande innslag i bygningsmiljøet. Med bygginga av den nye driftsbygningen tok folka på Øvrelid eit steg inn i det moderne landbruket. Dei bygningane som driftsbygningen erstatta vart fjerna og delar av materiala frå desse vart nytta i den eksisterande driftsbygningen. Driftsbygningen går over to etasjar med fjøs i fyrste plan og korn og høybrot i andreplan. Førsteplan er delt inn i to rom, det fyrste med båsar for kyr og det andre stekkjer for geit/sau, hønsehus og stall. Siloane står i fyrste etasje i austdelen av fjøsen og går opp i andre etasje, desse vart bygd i 1975-77. Inngangen til låven er via låvebrua som er plassert midt på låven i andre plan der det er treskegolv midt på som skilje mellom dei to brota.Fyrste etasje er mura i naturstein og andre etasje er i reisverk med ståande brunbeisa kledning. I fyrste etasje er det sett inn seks eittramsvindauga med ni ruter i sørveggen og i andre etasje er det fire toramsvindauga med 6 ruter i kvar ram. Medan det i arken ereit skråstilt kvadratisk vindauga med fire ruter. Inngangen til fyrste etasje er gjennom ei enkel dør i både aust- og vestveggen. På nordsida er det to doble labankdører som fører inn til dei to brota på låven. Sentralt på nordveggen er det låvebru i tre med fundament i naturstein som leiar inn på låven, over låvebrua er det ein spissgavl med eit skråstilt kvadratisk vindauga av same type som på sørarken. Låvedøra er ei dobbel labankdør. I gavlen mot vest er det i fyrste etasje inngang til fjøset og to eittramsvindauga kvart av dei med ni ruter. På sørsida av gavlen er det plassert ein utedo med enkel ståande panel og byljeblekktak. Øvst oppe i gavlen er det ein rektangulær vindaugsopning utan glas. I austgavlen er det ei sentralt plassert inngangsdør med liggande panel og eitt eittramsvindaugapå kvar side. Kvar av vindauga har ni ruter. Øvst i gavlen er det ein rektangulær vindaugsopning som er dekka til med gjennomsiktig plast. Taket er ein ås- og sperrekonstruksjon som er tekka med plater.
    kulturminneDatering
    • 191
    kulturminneDateringKvalitet
    • 1
    kulturminneDateringMetode
    • andre
    KulturminneEnkeltminneArt
    • 10113
    kulturminneHovedMateriale
    • 02
    kulturminneKategori
    • E-BYG
    kulturminneOpprinneligFunksjon
    • 2500
    lokalId
    • 132245-5
    målemetode
    • 24
    nøyaktighet
    • 20
    navn
    • Driftsbygning
    oppdateringsdato
    • 2023-12-14T13:52:27Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    opprinneligSosialtMiljo
    sefrakId
    • 1426-0102-014
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 2011-08-07T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
    versjonId
    • 20180301