3006096
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Hovudbygninga på Aure prestegard kallast lokalt for "Aurlåna." Den vart freda av Riksantikvaren i 1991 med heimel i Kulturminnelova av 1978. Allereie på 1920 - talet hadde vernemyndigheitene sett seg ut Aurlåna som ei særleg verdefull bygning. Bygninga er i to etasjer og er oppførd av sideskore tømmer som er samanføyd ved sinknåving (stokkendar utan lafta hovud, samanføyd) og den har utvendig kledning av ståande panel. Den vestleg vendte hovudfasada er symmetrisk utforma med store vindauge som er høgare i underetasjen (5 ruter) enn i overetasjen (4 ruter). Midt på veggen har bygninga ein portal som har eit femkanta overlysvindauge og arkitrav som er boren av joniske pilaster. (Etterlikna søyle - antikk stil) Bygninga har saltak (takform med møne og takflate) som er dekt av teglstein.
Bygningane på Aure prestegard vart bygd i åra mellom 1823 - 31 under sokneprest Peter Thams Buschmann. Han var ein kyndig pådrivar for dette. Bygga reknast (etter samtidas målestokk) for å ha vore særleg solide og store. Det har vorte fortalt at presten sjølv peika ut kvart enkelt tre på rot i skogen til tømringa. Første etasje er prega av særleg store sagstokkar som er skore med handsag. Aurlåna skal ha vorte reist i åra 1823 - 26 av innleigde tømrarar som kom frå Gloppen i Nordfjord. Riksantikvaren har trekt fram at bygninga har ein særleg høg kvalitet reint arkitektonisk.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
navn
- Prestegård hovedbygning (Aurlåna)
opphav
- Møre og Romsdal fylkeskommune
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)