3009912
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Buret er i ei høgd men inngang i gavl mot nord. Det har eitt tømra rom og ei ope sval ved inngangen. I svala har aust- og vestvegg eit lite parti med 2 ståande tiler innstemt mellom 2. og 6. laftestokk. Både lafteverk, opphavelege sperrer m.v. er profilert med enkel flatrenneprofil. Novhovuda er ovale og spissa og dette tyder på at buret er frå perioden 1537 - 1650. Inne i buret går det ein bursbite i hovudhøgd under mønet. Over døra og over bursbiten ligg det ein nesten 1 meter brei hjell med profilert stokk i framkant. Døra inn til buret har berre eitt bord i breidda, eit rundt beslag som kan vera frå eit skjold og spor av 2-hands bjørnelås. Det er nåmtro i overgangen mellom langveggane og taket. Taket er tekt med grunnmursplast og torv.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale