3019530
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Beskrivelse fra lokalitet:
Gardstunet på Austre Bjerga ligg på Bjergøy, omlag 125 m.o.h. og søraustvendt. Den eldste stova er datert til 1536 og ser ut til å ha vore ei røykomstove med 2-romsplan. På midten av 1800-talet vart opphaveleg kove teken vekk og det vart bygd ei ny lemstove i lengderetninga. Sørvest for denne stoverekkja står det eit gamalt stabbur og vest for stabburet eit eldre våningshus. Tunet har og ein løebygning med fleire tilbygde siloar og eit nytt bustadhus litt utanfor det gamle tunet
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røykstove, årringsdatert til 1536. Stova har hatt 2-romsplan og er relativt lang, 615 cm utvendig medan breidden er meir normal for Vestlandet, 535 cm utvendig. Det er 9 omfar lafteverk på langveggane. Det ser ut til at stova har hatt røykomn i søraustre hjørne. Taket har sikre sport av ljore, dvs. opplegg for ljorekasse, men ikkje anna utskjering på ljoresperrene. Takkonstruksjonen er opphaveleg, 2 sperrer er daterte til 1536.
Røykstova er bygd saman med ei lemstove kring 1850 og då vart det opphaveleg kovepartiet til røykstova fjerna. Døra mellom røykstova og lemstova har 2 fyllingar og er truleg frå 1850.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon