3022020
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Loft i to høgder på underbunad. Andre høgda består av tømmer felt på vinteren 1813-1814. Første høgda har tømmer felt mellom 1213-1229. Bygningen vart dendrodatert hausten 2023.
Skildring frå Håkon T. Fjågesund:
"Buret ser ut til å vere bygd om og endra i fleire rundar. I dag står buret på ei klassisk klauvegrime med trapesforma svillar og haldsteinsfundamentering.
Av ulike grunnar er det knytt mistanke om høg alder til buret på Nordigard Øverland. Golvet i fyrste høgda har tydelege spor av sprettetæging (hoggemønster som ofte er tidfest til mellomalder). Det er utbukta beitskier og spor etter bjønnelås i bursrommet (1.høgde) som også kan peike mot mellomalder. Tømmeret innvendig i bursrommet er tydeleg flatskanta i seinare tid. Kan hende i same runde som understell og 2.høgd vart sett på. Opphavleg har tømmeret hatt ein ganske rund oval stokkform som også var vanleg i mellomalderen. Laftet i fyrstehøgda ser ut til å ha relativt midtstilt hals. Dette var også i bruk i mellomalderen, men er som regel rekna for å vere yngre enn underhalslafta, såkalla findalslaft.
Loftsrommet ser ut til å vere tømra og bygd på seinare. Kanskje kring 1800. Det er naturleg å tru at svalgang framme og underbunad har kome til også i denne runden. Andre høgda er flatskanta inne og ute. Takkonstruksjonen er vanleg ås/sperrekonstruksjon med liggande tro. Troet er mykkje diverse gjennbruk."
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale