3025986
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Svalstova står plassert mellom fjøsen og løa i tunet. Bygningen er plassert i skråande terreng og under den framre delen av gavlen er det oppmura ei kjellar i stein. Kjellarmuren fyl terrenget og verd difor lågare opp mot tunet. Svalstova er ein lafta bygning i 1 1/2 etasje med saltak. Utvendig er den kledd med liggande umåla kledning og taket er tekka med torv. på begge langsidene er sperrene trekt så langt utforbi tømmerkassa at mellomrommet mellom den og kledningen dannar to svalgangar, derav namnet svalstova. Svalgangane har inngang frå tunsida og i frå den eine svalgangen er det dør vidare inn i stova. På tunsida er det to små kvadratiske vindauga og eit noko større kvadratsik vindauga i loftsetasjen. Alle vindauga på tunsida har fire ruter i ei ramme. I den avdre gavlen er det to torams vindauga med åtte glas i kvar ramme i første etasje. I loftsetasjen er det eit toramsvindauga med seks ruter i kvar ramme.Bygningen har ei enkel planløysing, i første etasje er det svalgang på kvar langside, og den lafta delen har ein treromsplan, med to små kammers bak stoverommet. trappa opp til loftsetasjen er plassert i det nordvestre hjørne. Loftsetasjen består av to rom, ein gang i nordre enden av loftet der trappa kjem opp og eit loftsrom mot sør.
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon