3126481
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Toetasjes loft i lafta tømmer med ovalt snitt. Loftet står på seks steinstabbar og fire nyare trestabbar mot aust. Sperretak tekt med rastaheller. Innebygd sval på tre sider av bygningen i beggje etasjar (ikkje mot sør), svalen mot aust ekstra brei. Svalen i gavlen mot nord har liggande kledning av breie, profilerte bord som er festa med trenaglar. Svalen i aust har liggande sua kledning mot aust og ståande kledning mot sør, medan svalen i vest har ståande kledning mot vest og liggande kledning mot sør, med ei enkel glasrute sett inn utan omramming i kvar etasje. I sørgavlen eit eittrams vindauge med 3 x 4 ruter nede, og oppe eit torams vindauge med 2 x 3 ruter; øvst i gavlen lita glugge med ei rute i. Mot nord to labankdører, begge med trapper av store flate steinar framfor; i andre etasje ei låg opning med lem utforma som resten av panelet.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon