3299286
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Stova vart bygd til skulehus, seinare vart ho tatt i bruk til bustad. Det er ei lafta tømmerbygning i ein etasje pluss loft. Ho står i bratt terreng, slik at den fremste delen mot vest kvilar på ein høg kjellarmur. Muren er i grov naturstein, dels pussa med sement. Den opphavlege rektangulære bygningen er i nyare tid bygt på med eit lite tilbygg under pulttak langs nordveggen, som inneheld gang og moderne bad. Bygningen er kledd med eit liggande, kvitmåla panel. På vestveggen i kjellaretasjen er det to store torams midtpostvindauge med tre ruter i kvar ramme. Dei eldre vindauga i første etasje er krysspostvindauge med sveitserstilpreg, to i gavlen og to på sørveggen. I røstet mot vest er det eit treramsvindauge med tre ruter i kvar ramme. I røstet mot aust er det same type vindauge som i kjellaren. Desse kan være dei eldste i huset. I det nye tilbygget er det nyare, små vindauge.Stova har ein treromsplan, med sjølve stova som eit større rom mot vest. Inngangen er frå det nye tilbygget til ei gang som ligg bak stova. Her er dør til stova mot vest, og vidare til kjøkken mot sør. Begge dørene er femfyllingsdørar av sveitserstiltype. Langs austveggen går det ei bratt, eldre trapp opp til loftet. Sjølve stova har ein tilnærma kvadratisk grunnplan. Det er grønmåla bordgolv og umåla tømmervegger. Sveitserstilsdøra til ganga nord på austveggen har kvite fyllingar i grønt ramverk, med profilert gerikt i dei same fargane. Like sør for denne døra er ein pussa og kvitmåla brannmur frå golv til tak med enkel innramming. Her står ein eldre etasjeomn i jarn. Himlingen i rommet har eksponerte takbjelkar, og er kvitmåla. Kjøkkenet i søraustre hjørnet av første etasje har golv av breie, gråmåla bord. Tømmerveggane er umåla. Døra ut til ganga er på nordveggen, og i nordvestre hjørnet er det pussa og kvitmåla brannmur og pipe, og ein liten, eldre jarnomn. Himlinga har eksponerte takbjelkar – desse og listene ved veggane er måla blå, medan sjølve himlingsborda er kvite. Loftet har to rom. Ein kjem opp på loftet i det nordaustre hjørnet av det austre rommet. Her er det ny innreiing, der golv og veggar (dvs skråhimlinga) er kledde med furubord. Mot vest er tømmerveggen synleg – dei umåla, flatøksa stokkane har store dimensjonar. Det vestre rommet har og tømmeret i endeveggane synleg, her er det måla i ein turkis farge. Skråhimling/veggane er kledde med liggande, kvitmåla perlestaff. På austveggen, nord for døra, er det ein pussa brannmur. Her står ein eldre etasjeomn i jarn. Under den fremste delen av bygningen er det som nemnd ein mura kjellar. Veggane er innvendig pussa og kvitmåla. Innerst mot aust er det eit naturleg oppkomme med vatn. Elles er her ein eldre jarnkomfyr.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)