https://api.ra.no/KulturminnerFredaBygninger/collections/fredabygninger/items/439593
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- To sjøbuer, slått saman 1878. Skuteviksboder14-15 består av to sjøbodar, bod 14 og bod 15, begge med kortsida bygd ut i sjøen og nabobodar bygd inntil på langsidene, utvendig liggande kledning, og saltak tekt med raud tegl med gavl mot sjøen og mot gata. Bod 14 består igjen av to sjølvstendige bygningar, bod sjø med tre etasjar, og bod gate med to etasjar. Bod 15 har to etasjar. Bodane vart skada i brannen i 2008, og i restaureringa etter brannen er dråpefallet mellom bod 14 og 15 bygd om til felles inngangsparti. Bod 15 er dendrokronologisk datert til ca. 1680. I 1840-åra vart boden noko forlenga i stolpeverk på kortsida inn mot land. Bod 14 sjø er opphavleg bygd i to etasjar noko seinare, kanskje rundt år 1700, og bygd på med ein etasje ein gong før 1766. Bod 14 gate kan vera frå ca. 1800. Bodane var opphavleg konstruerte med lafta lagerrom og svalgangar i stolpeverk. I 1920 vart dei kraftig bygd om, ved at alle innvendige laftevegger vart fjerna og erstatta av stolpe- og dragarkonstruksjonar, med ei stolperekke i bod 14 og to stolperekker i bod 15, som ber langsgåande dragarar støtta av skråstivarar og kne. I bod 14 er langveggen mot bod 13 og heile takverket fornya etter brannen i 2008.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)