https://api.ra.no/KulturminnerFredaBygninger/collections/fredabygninger/items/1102579
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Stabburet er plassert vest for bustadhusa i tuna og er den fyrste bygningen vegen opp til tunet går forbi. Stabburet er i ein etasje med loft, i lafta tømmer utan kledning. Dei ti stabbane som bær stabburet er tørrmurte, grunna hellinga i terrenget er stabbane under sørveggen mykje høgare enn stabbane under nordveggen. Stabburet har ein ås- og sperretak konstruksjon. Taket er i dag tekka med byljeblekk, under byljeblekken ligg framleis torvtaket. På langveggen i sør er det to vindauge, eit torams med seks ruter i kvar ramme og eit trerams med tre ruter i kvar ramme. I kvar av gavlveggane er det eit toramsvindauga med seks ruter i kvar ramme plassert oppe i loftsetasjen. Stabburet har to rom i fyrste etasje, begge har direkte inngang frå utsida på nordveggen. Ein steinlagt sti fører opp tilinngangsdørene som er plassert rundt midtaksen på veggen. Over dørene er det lagt eit enkelt tak av byljeblekk. Inngangsdøra til rommet nerast steinhuset er ei labankdør som har vore måla i ein gulgrønfarge, medan inngangsdøra til lagerrommet er ei to-fyllingsdør som har vore raudmåla. To-fyllingsdøra er noko lågare enn labankdøra og kan vera gjenbruk frå eit eldre hus.
kulturminneDateringEksakt
- Stabburet er mest sannsynleg frå 1800-talet
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)