https://api.ra.no/KulturminnerFredaBygninger/collections/fredabygninger/items/2536002
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lafta bygning i tre etasjar. Saltak tekt med raud tegl, med to vindearker på nordsida. Fasaden mot Bryggen har liggande kledning. I 1. etasjeer lengst til venstre ein rikt utforma portal frå slutten av 1700-talet, ved sida av eit vindauge og ei labankdør; i 2. og 3. etasje småruta krysspostvindauge i nesten samanhengande band, med felles vassbord over. Oppe i gavlen eit rundt vindauge. Fasaden måla raud med grøne detaljar (vindskier, hjørnebord, vindauge, portal), toppstykket på portalen har detaljar i kvitt, svart og gull. huset ligg lågare enn gatenivået framfor, og ei trapp leiar ned til portalen. Langsida mot nord har svalgangar der opningane er lukka igjen, eit trappeutbygg frå 1. til 3. etasje kledd med ståande panel, og eit trappehus i pussa mir frå 1. til 2. etasje. Langs heile langsida mot sør er eit tilbygg i tre etasjar av bindingsverk kledd med mur, med nesten flatt, platetekka tak,. Det har eit mellomalderinspirert formspråk, med rundboga vindauge i 1. etasje, og 2. og 3. etasje delt inn av pussa lisenar som fortset opp i fialar med små jernspir. Veggflatene mellom lisenane slemma tegl med vindauge, dels småruta, dels med ei stor rute. Veggflatene raude, elles okergule detaljar.
Beskrivelse fra Bygg:
Dette er to bygninger som står sammen. Finnegården og finnegårdenes "taske" som opprinnelig var saltlager. Dagens bygning er fra 1879. Den eldste delen er på 3 1/2 etg, mens den nyere delen er på 3 etg, og med "flatt" takk.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
navn
- Sjøstue nr. 1, Hanseatisk Museum