https://api.ra.no/KulturminnerFredaBygninger/collections/fredabygninger/items/2536086
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Urdi er ein langstrakt rektangulær trebygning på ein etasje med valmtak. Forutan ein raudmåla bakside med takvalm tekka med raud tegl, er huset kvitmåla med svart glasert takstein. Tomta er skrånande og i framkant er grunnmuren høgare og kledd med ståande skiferheller. Hovudfasaden er symmetrisk organisert med eit framståande midtparti forma som ein portiko med tempelgavl og fire kannelerte tresøyler med dorisk kapitél og base av marmor. Portikoen kviler på ein skiferlagt 4-trinns trapp forma som eit stylobat. I midtpartiet ligg inngangspartiet litt tilbaketrekt for fasadeveggen slik at rommet under portikoen fungerer som ein veranda. Hovudfasaden har panel lagt som ei glatt flate som illuderer pussa mur. Elles er det nytta supanel. Gesimsen har arkitrav med triglyfer med dråpe. Hjørnelistene er forma som pilastre. På baksida har bygningen to inngangsdører, opphavleg var det ein midtstilt. Vindauga er i dag av empiretype, krysspost med enkel sprosse i nedre ramme. Desse er symmetrisk plassert i fasaden. Grunnplanen er opphavleg symmetrisk med gjennomtenkte proporsjonar, men er i dag noko ombygd i bakre del. Interiøret er likeins med eksteriøret prega av klassisistiske detaljer, mellom anna i utforming av listverk, dører og døromrammingar. Romma i 1. etasje har stor høgde under taket (4 meter).Loftet har åpent sperretak og panelte knevegger.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon