https://api.ra.no/KulturminnerFredaBygninger/collections/fredabygninger/items/1282066
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Sandviksbodene 3 A-D er eit bustad- og kontorbygg i den sørlege delen av Sandviken i Bergen, ferdigbygd i 2014. I bygningen er ein del av sjøboden som tidlegare låg på same staden, Sandviksboder 3-4, sett opp att. Denne bygningsdelen på ca. 10 x 9 m består av lafteveggene i den austlege delen av andre etasje: tre yttervegger og delar av langs- og tversgåande indre vegger. I dag står dei ca. 5 m søraust for den opphavlege plasseringa. Veggene er lafta av plantelgja og godt dimensjonert tømmer, med restar av fint utforma novhovud. Fleire stader har veggene restar av rik måla dekor av 1600-tals type, med ranke- og draperimotiv. Det er spor etter mange seinare endringar av dør- og vindaugsopningar. Tømmeret er dendrokronologisk datert til 1649.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
navn
- Sandviksbodene 3 A / Del av sjøbod
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)