https://api.ra.no/KulturminnerFredaBygninger/collections/fredabygninger/items/2688666
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Stanges Stiftelse er ein tidlegare sosial institusjon som ligg midt i eit tettbygd eldre bymiljø på Nordnes i Bergen, med fasade mot Klostergaten og nabohusa tett inntil på dei tre andre sidene. Stiftelsen ble oppretta av rådmann Strange Jørgensen i 1609, og utvikla seg i fleire trinn frå å være ei redning for utvalde «verdige trengande» til å bli ei eldrebustad for kvinner.
Institusjonen var i drift fram til 1972, og har etter dette vore eigd av Fortidsminneforeininga som nyttar den som kontorlokale, og til utleige for ulike slags arrangement. Den er ein lafta og bordkledd trebygning, om lag 13 meter lang og 10,5 meter brei. Inngangsdøra står lengst ute til venstre på gatefasaden, som har ein høg gavl og detaljar i enkel sveitsarstil. Ytst mot venstre i gjerdet er ein port til bakgarden med ei enkel labankdør. I første etasje, på austsida, er det forutan hovudrommet gang, kjøkken med ei stor grue, og styraren sitt
rom. Hovudrommet er ein høglofta sal som strekk seg frå gavl til gavl i to etasjar, og på langsidene ligg i alt 15 små sovekammer i to nivå, det øvste med tilkomst frå galleri langs
sideveggene i salen. Hovudbygningen blei oppført i 1751, og har i sør eit vinkelforma uthustilbygg i ein etasje frå om lag 1862. Denne uthustilbygninga har vedbu og eit rom som i
ein periode blei nytta som likhus. .På det meste romma stiftinga rundt 30 kvinner som ikkje lenger kunne forsørgja seg sjølve, og som her fekk fri bustad livet ut. Stranges Stiftelse var ein av fleire «milde stiftelsar» eller «fattighus», som spela ei viktig rolle i sosialomsorga i dei norske byane i tidleg moderne tid.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)