https://api.ra.no/KulturminnerFredaBygninger/collections/fredabygninger/items/2894464
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Beskrivelse fra lokalitet:
Flatheim er opphaveleg eit gardsbruk der ein seinare starta pensjonat som fekk namnet Hoff pensjonat. I ein periode var det og bensinstasjon knytta til eigedomen. Grunnlaget for denne verksemda var vegen over Gaularfjell frå 1938 og det at eigedomen ligg i den øvste grenda på vestsida av høgfjellsstrekninga
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Storehuset på Flatheim sto inntil ca. 2012 på garden Indre Eldalen om lag 6 km. vest for Flatheim. På Eldalen vart huset reist i 1882 som ei loftshus, dvs "stovehus" utan eldstad, dvs ei kombinert sommarstove og forrådshus. Då dei bygde huset nytta dei lafteverket i det som sannsynlegvis har vore ei bu med 2 rom og inngang til begge romma på den eine langveggen. Tømmeret i denne delen er årringsdatert til kort etter 1573. Når bua vart nytta som ein del av loftshuset vart deleveggen mellom buene fjerna og noko av tømmeret i deleveggen vart nytta som nytt omfar over det øvste omfaret i bua. Lafteverket er flott ovaltelja, dørene er rundboga og beitskier og dørblad er profilert med ein vulst med v-forma riss på kvar side. I resten av huset er lafteverket flatt og høvla. Vindauga er vanlege 2-rams med 3 ruter i kvar ramme. Det er spesielt at loftshuset både før og etter flytting ikkje står på grunnmur, men på punktvis bering av store flate steinar. Loftshuset var ferdig attreist på Flatheim i 2015 og vert nytta som gjestehus, både for servering, møte og overnatting.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon
verneparagraf
- 4.3 (Fredning av byggverk 1537-1649)