https://api.ra.no/KulturminnerFredaBygninger/collections/fredabygninger/items/2997827
førsteDigitaliseringsdato
informasjon
- Toetasjes bygning (lemstove) med toromsplan, i saga tømmer, liggande kledning (frå straks etter krigen), torvtak med vorteplast under. Småruta vindauge av ulike størrelsar, mot sør og vest i 1. etasje tofags med 2x3 ruter i kvar ramme. Kjellarmur av tørrmura gråstein, med ei labankdør på framsida, og ei kraftig, tørrmura trapp med skakke breie trinn opp til hovuddøra, som er ei tofløya labankdør. På baksida støypt grunnmur. Huset var av den vanlege typen i distriktet, med gang (”dør”) og kleve i midten, omnsstove med høgt loft over på eine sida og eit lågt eldhus, med åre på golvet og ljore i taket, på den andre sida. Eldhuset vart rive før huset vart freda, og på tomta etter det bygde naboen eit nytt hus i samband med utskiftinga. Ein vegg av eldhuset står att, som austre gavlvegg i Knute Nelson-stova. Aust for eldhuset var det òg eit loft (del av noverande gult hus?). Den delen av stova som framleis stod, hadde stort sett det gamle inventaret, men omnen var borte. På loftet var det faste senger, i ei av dei skulle Knute Nelson vere fødd. RA rekna ved fredinga stova for å vere vel 100 år gamal; typen med høgt loft, himling og vindauge vart alminneleg på Voss kring 1800.
kulturminneDateringEksakt
kulturminneDateringKvalitet
kulturminneDateringMetode
KulturminneEnkeltminneArt
kulturminneHovedMateriale
kulturminneOpprinneligFunksjon