Tekst under utarbeiding. Mellombels tekst:
I gamle Ølen sentrum er det regulert inn totalt 8 omsynsoner for bevaring, som omfattar 19 bygningar.
Rundt 1900 var det eit breitt spekter av bedrifter, handverkarar og handelsmenn i Ølensjøen. Her var det både hotell, fleire handelsmenn, krøtterhandlarar, bakarar, bøkkarar, murarar, skomakar og urmakar. Det er utarbeidd reguleringsføresegner for omsynsonene.
I området nordvest for ferjekaien på Utbjoa er det eit rikt forminnemiljø, med hellerisningar, gravrøyser og gamle båtstø. I dette området ligg det også ei gamal sjøbu og fleire naust som er SEFRAK-registrert.
Området blir foreslått som omsynssone bevaring i kulturminneplanen.
I området nordvest for ferjekaien på Utbjoa er det eit rikt forminnemiljø, med hellerisningar, gravrøyser og gamle båtstø. I dette området ligg det også ei gamal sjøbu og fleire naust som er SEFRAK-registrert.
Området blir foreslått som omsynssone bevaring i kulturminneplanen.
Imslandsjøen var ein aktiv handelsstad på 1800-talet, særleg i siste halvdel av hundreåret. Frå 1860 til 1880 var 14 prosent av all tonnasje i Noreg bygd her og i bygdene omkring Imslandsjøen. Ein verv låg på «Kvitlå» ved munningen av Imslandselva, ein annan på kyrkjebakken ved porten til Imsland kyrkje.
Kundane var stort sett reiarlag i Stavanger som dreiv stort i utanriksfart. Staden var det naturlege sentrum i gamle Imsland kommune med kommunehus, kyrkje, sparebank, post, telefonsentral, bedehus og to krambuer .
Imslandsjøen er regulert til omsynssone bevaring.
Totalt 32 ulike bygningar ligg innanfor omsynssona. Det er utarbeidd reguleringsføresegner for omsynssona som er vedteken i Vindafjord kommunestrye 13.11.2007
Del av Sandeid sentrum rundt Sjoargata er regulert til omsynssone bevaring. Her var det tidlegare to gjesteheimar, fleire butikkar, post, telefon og bank. 25 bygningar er omfatta av reguleringa, og det er utarbeidd reguleringsføresegner for området.
Del av Sandeid sentrum rundt Sjoargata er regulert til omsynssone bevaring. Her var det tidlegare to gjesteheimar, fleire butikkar, post, telefon og bank. 25 bygningar er omfatta av reguleringa, og det er utarbeidd reguleringsføresegner for området.
Skildring
Landskapet strekkjer seg frå Vetrlidsalmenningen i vest til Blåmanen og Rundemanen i aust og frå Sandviksfjel-let i nord til Svartediket i sør.
Landskapet er i vesentleg grad omforma frå eit snaubeita lågfjellslandskap til eit skogkledt rekreasjonslandskap. Dei omfattande formingsgrepa vart sett i verk av leiande folk i byen som gjennom foreiningane «Bergens skog-og træplantingsselskap» og «Ølklubben» realiserte eit ambisiøst filantropisk prosjekt i Byfjellene i dei siste tiåra av 1800-talet. Argumenta var forankra i natursvermeri og folkehelse. Dei viktigaste verkemidla var skogplanting og bygging av turvegar i dei store, bynære utmarkseige-domane som planmessig vart tileigna prosjektet i tiåra etter stiftinga. Det kom forbod mot sau og geit i Byfjelle-ne i 1878.
Landskapet er i dag meir prega av planting i bynære delar, medan dei fjernare og høgre delane ved Blåmannen og Rundemannen har eit snauare høgfjellspreg. Det er varierte plantefelt med eit inntrykk av park over mykje av det bynære landskapet. Store deler av dette området er skogkledt, og nokre av dei største trea i landet skal stå i Byfjellene. Plantinga er tilpassa terrenget og jordsmon-net. Heimehøyrande vegetasjon står jamsides eksotiske artar.
Frå byen er det anlagt turvegar inn i det opparbeida skoglandskapet, frå Fjellveien, Vetrlidsalmenning, Forskjønnelsen, Svartediket og Sandviken som alle er innfallsportar til dette landskapet. Det samla systemet av turvegar er omfattande og har ei utstrekning på 25 km. Her er òg murar og steinstrukturar av imponerande storleik. Ut i frå hovudvegsystema går det stiar over heile fjellet. I dag er fleire av vegane og stiane supplerte med lys, benkar og tilrettelagde rekreasjonslokalitetar. Vegane leier til fokuspunkt i landskapet, som hytter på fjell-toppane, utsiktspunkt, vatn med utbygde rasteplassar, lagshytter, idrettsplassen Skansemyren og kulturminne
av ulik art. Opplevinga i landskapet varierer mellom små, intime landskapsrom og storslegne utsyn med vid hori-sont, ofte ved bratte skrentar. Den elektriske kabelbana Fløibanen vart opna i 1918, og er blikkfang saman med Øvre stasjon og Fløien Folkerestaurant.
Innafor holmane i havgapet ligg lune viker og vågar med gode hamner mellom skrinne bergknattar på Søre Bøm-lo. Her kjem ein tett på steinalderlandskapet. I steinalde-ren gjorde eit høgre havnivå desse vikane og vågane til smale sund og låge eid. Desse passasjane gav gode lan-dingstilhøve for lasta med grønstein, som i store kvanta vart henta ut frå steinbrotet på Hespriholmen. Mange tusen år med uttak av stein, produksjon av steinøkser og vidare utskiping av grønstein til store delar av Vestlandet i steinalderen har sett rike spor etter buplassar og verk-stadområde langs desse sunda. Lokaliteten Sokkamyro i Langevåg er den fremste eksponenten for desse kultur-minna, men den høge aktiviteten knytt til førekomsten av grønstein pregar mest kvar ei vik i dette landskapet. Frå Vika i nord til utmarka sør for Langevåg ligg steinal-derbuplassane som eit belte frå holmane ved ytterkysten til innsida av Søre Bømlo. Det som var passasjar og verk-stadområde i steinalderen, er no der den dyrka marka, småbruka og hamnene ligg.
I havet vest av Bømlo ligg gjestgjevarstaden Espevær, som etterkvart vart ein viktig stad i det sørlege sildefisket på 1800-talet. Saltebuene sto tett på land, og folketalet kunne vere fleire tusen i sesongen. Kjøpmenn kom hit frå Bergen, Stavanger, Holland og dei britiske øyane for å kjøpe hummar og sild. Hummerparken i Espevær er eit særmerkt anlegg som syner denne historia. Søre Bømlo har hatt sjøvendt, eksportbasert næring som viktigaste leveveg frå steinalderen og heilt fram til vår tid.