Mindre steinførekomstar attmed stien, samt i det nordvestlige hjørnet utgjer ei svakt synlig og vanskelig avgrensa tuft. Tufta ligg midt i mellom S13, S14 og S15. Tufta er rektangulær i forma og måler 7,3 x 6 meter. Høgda er ujamn, med høgste mål på 20 cm. Tufta ligg mot nordvest/søraust i lengderetninga.
Den nordlige kortsida er godt synlig, som ei oppmuring på berg. I søraust vert tufta avgrensa av mindre steinsamlingar (veggvoll) påvist med jordborr under torva. Tufta er rektangulær og ligg mot nordvest/søraust i lengderetninga. S17 ligg mellom S6 og S7. I lengd/breidd måler tufta 9,5 x 7,3 meter. Høgda på vegvollane er på 60 cm.
S18 er ei svakt synlig tuft som er vanskelig å avgrense. Tufta er i dag ei lyngkledd flate utan synlige veggvollar. S18 vert derfor avgrensa etter funn av steinrekkjer/veggvollar under torva. Tufta er rektangulær i forma og måler 11 x 6, 3 meter. Høgda er på 10 cm. Etter om lag 5,3 meter i lengderetninga kan det vere snakk om ein skiljevegg som delar tufta i to, noko som indikerar ei indre rominndeling.
S19 ligg om lag 22 meter nordvest for S1. Tufta er lite synlig og vanskelig å avgrense. Den framstår som ei mindre flate i terrenget utan synlige vollar. Vollane ligg under torva og er representert av enkelte steinar påvist med jordbor. Høgda på tufta varierar derfor mellom 10 - 30 cm. I lengd og breidd måler tufta 3,7 x 5,7 meter.
Tufta er klart markert og rektangulær i forma. Tufta måler 10,8 x 6,2 meter i lengd/breidd, og med ei høgd på 30 - 40 cm. Sjølv om tufta er grodd att av bjørk, gras og lyng så er vegvollane likevel godt synlige i nord og nordvest. Inntil den nordlige langsida ligg endå eit rom (evt. ei anna tuft), som måler 4,2 x 2,4 meter. Midt i gjennom tilleggsrommet i lengderetninga nord/sør, går ein sti.
Tufta framstår som eit kvadratisk søkk i bakken markert av enkelte steinsamlingar langs kantane. Tufta måler 6,2 x 6,3 meter og ligg mot aust/vest i lengderetninga. Tufta er mellom 10 - 20 cm høg og ligg omlag 25 meter nord for S1.
Tufta er svakt synlig og er markert av enkelte steinar i det nordvestlige, nordaustlige og søraustlige hjørne. Det søraustlige hjørnet ligg inntil ein bergvegg. Tufta ligg om lag 35 meter nordaust for S1 og er lokalitetens austligaste tuft. Tufta måler 3,4 x 3,7 meter i lengd/breidd. Høgda er på 30 cm.
S22 er ei mosedekt flyttblokk i fylitt på 2 x 1,5 meter i lengd/breidd og som er 0,5 meter høg. Under moselaget vart ca 20 skålgroper funne. Gropene varierar i storleik, frå 2 til 7 cm i diameter, med ei djupn på 2 - 3 cm. Nokre av gropene er svært eroderte. Mellomrommet mellom to groper er ofte erodert vekk og dannar dobbeltgroper med konkave langsider. Andre groper på blokka er forholdsvis godt bevart. Storparten av gropene fordelar seg anten på blokkas sørvestlige eller nordaustlige hjørne.
S23 ligg på myra attmed bekken nord for bergkammen som lokaliteten ligg på. I forma er strukturen rund med ytre mål (dm) på 3 meter. Indre mål er på 2, 6 meter, med 1 meters djupn. Botnmålet er på om lag 1,3 meter. Nedskjeringa er boga. Strukturen har ikkje tydelige vollar. I sør og i aust er det opningar. Dei kan representere tappeutak for tjære, eller så kjem dei av at bekken har gravd ut opningane i tider med stor vassføring. Eit prøvestikk vart tatt midt i strukturen og ikkje noko trekol vart påvist. Mangelen på trekol, samt strukturens nære plassering attmed bekken kan bety at strukturen ikkje er ei mile, men er naturskapt. Mangel på trekol kan òg komme av at kolet har vorte utvaska av bekken.
S24 ligg 2 meter søraust for S23 (tjæremile). S24 framstår som ei nedgravd grop utan synlige vollar. Gropa er ikkje rund men trekantforma. Ytre diameter er på 1,6 meter og indre diameter er på 1,1 meter. Gropa er 80 cm djup og har ein botndiameter på 90 cm. Nedskjeringa er slakt boga. I søraust opnar gropa seg opp i ei mindre grop, ei mogeleg tappegrop for tjøre. Som i S23 vart ikkje noko trekol påvist i S24.