Gropa ligg om lag 6 meter søraust for S11 (tuft). Gropa er rund, utan tydelige vollar og ligg i skrånande terreng ned mot elva. I storleik måler gropa 1 x 1 meter og er 30 cm djup. Ei bjørk står i gropas nordlige del.
S35 ligg 2 meter aust for S12 (tuft) og 2 meter vest for S11 (tuft). Gropa er rund og måler 50 x 60 cm og er 20 cm djup. Gropa er attgrodd av lyng og gras.
Gropa ligg 3 meter aust for S. 5 (tuft) på ei mindre flate, noko lågare i terrenget. Gropa er klart markert, men utan vollar. Trekol vart påvist med jordbor. Gropa er delvis attgrodd av bærlyng.
S37 ligg inntil S18 (tuft) i nordvest og attmed ein rotvelt. Gropa er derfor noko uklar i forma. I lengd og breidd måler gropa 60 x 70 cm, med ei djupn på 20 cm. Gropa har ingen vollar. Trekol vart påvist med jordbor.
Gropa ligg 10 - 12 meter sør for S21 (tuft) og to meter vest for S39 (kokegrop) på ei lita flate før landskapet fell bratt ned mot elva. S38 er rund/oval i forma og måler 1,5 x 1,2 meter. Gropa er om lag 40 cm djup og ligg mot nord/sør i lengderetninga.
S39 ligg på same flate som S38. I forma er gropa rund og måler 80 x 90 cm. Gropa er 40 cm djup. Nokre meter vest for S39, noko lågare i terrenget vart spreidde trekolførekomstar påvist under torva.
S4 er ei svakt synlig kvadratisk tuft. Nokre stein kan synes å danne rekkjer eller mulige veggvollar. Høgste høgd på steinane er 25 cm. I storleik måler tufta 3,7 x 3,5 meter. Ei steinrekkje som deler tufta om lag på midten kan tyde på ei indre rominndeling.
S5 er ei rektangulær tuft på 10,4 x 5 meter. Vollane er ujamne i høgda og er lite synlige. Høgste mål på veggvollane er 40 cm. I sør ligg tufta forankra inntil ein jordfast stein. Ein steinvoll deler tilsynelatande tufta i to i lengderetninga. Det kan derfor vere snakk om to tufter eller ei dobbeltuft. Tufta er attgrodd av bjørk, gras, lyng og bregner. Den same stien som går gjennom S4 lenger aust går og tvers i gjennom S5.
S6 er ei hesteskoforma tuft, som måler 7,6 x 6,2 meter. Tufta har ein avrunda veggvoll i nord. Den austlige vegvollen er tydligast, men har rast ut somme stadar. I sør er ingen veggvoll synlig. Høgda på tufta er derfor noko ujamn. På det høgste måler vegvollane 46 cm. Tufta er attgrodd av bjørk, einer, gras og lyng. Same sti som går i gjennom S4 og S5 går og i gjennom S6.
Tufta er rektangulær og måler 8,7 x 5,9 meter. I høgda er tufta 45 cm høg. S7 er tydelig markert med synlig stein i vollane. Mot aust er tufta vanskeligare å avgrense. Det kan sjå ut som om det er ein skiljevegg i aust. Dette kan tolkast som enten eit ekstra rom, eller så er skiljeveggen ein svakt synlig yttervegg. I tuftas austlige ende ligg eit eldre prøvestikk frå registreringa i 2000. Tufta er attgrodd av bjørk, einer, lyng og gras. Stien som går igjennom S4, S5, og S6 går og i gjennom S7.