Fornminne: Kullgrop. Litt merkelig i fasong/form, ser støre ut enn den er. Tydelige voller med kull i bunnen og firkantet. Ytre mål 10,00 m, indre mål 5,95 m, dybde 0,30 m.
Driftelege (felæger) frå 1700-talet til 1920. Grasvollen ligg attgrodd. Driftehjuringar brukte å setja opp ein slags vegg på skrå mot steinblokka til å overnatta innunder.
Grasvoll. Driftehjuringar overnatta her på 17-1800-talet og fram til 1920. Her var inkje herberge for hjuringane, så dei låg vel under open himmel i lag med krøteret.
Nesten nedst på grasvollen ligg det ein grunnmur på 5 x 3 m, opptil 0,5m høg, delvis nedrast, og ved sida av denne ligg det eit kjellarhòl. Her ser ut til å ha budd folk to gonger. Fyrst må her ha budd ein som må ha heitt Tor (uvisst når). Andre gongen, frå 1680-åra til 1696, budde her Jo Bjennson Eikjen (Jon Bjørnsson Eiken) g.m. Guri Ånensdotter Nøkland frå bruket "Ruste" på Nøkland og dei tre borna deira. Segna om busetnaden er blitt blanda i hop med ord som liknar på Tor, og med andre segner og vandresegner. Etterpå busetnaden var her driftelege frå 1700-talet til 1920. Då la driftehjuringane kvistar over kjellarholet så at ikkje krøter skulle detta nedi og skamføra seg.
Stor grasvoll som omfattar ein ribbe (ein utstikkande morenerygg). Tidlegare strekte grasvollen seg langt oppover, men han har i nyare tid grodd delvis att med einer.
Tuft etter husmannsplass. Her var fyrst busett ein gong langt tilbake, truleg av ein som heitte Tor. Andre gongen var her busett frå 1680-åra til 1696. Dei som budde her, var Joen Biørnsen Egen (Jo Bjennsson Eikjen), kona Guri Aanensdatter Nøckland (Guri Ånundsdotter Nøkland) og tre små born. Segna seier at dei budde på garden Eikjen, men så blei dei så utskuldige at dei laut gå ifrå garden, og så busette dei seg som husmenn her langt inne i heiane under garden Nøkland til dess dei fekk tent seg opp nok pengar til å ta att garden på Eikjen på odel.