Beskrivelse fra lokalitet:
Kullgrop. Svært synlig i terrenget.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kullgropa avtegner seg klart og tydelig i terrenget og har tydelig nedgravning og voller. Kullgropa er ca 5 meter i diameter og selve gropa 1 meter i diameter. Dybden på gropa er 75 meter i diameter. Det ble påvist et ca 7 cm dypt kullag i bunnen av gropa.
Dyrkingsflate på om lag 10 daa, beståande av eit opptil 20 cm tjukt dyrkingslag. Dette er påvist om lag midt på vollen, samt i hyttetomt gbnr 159/44. Laget har ei tydeleg gråbrun farge, med mykje kol, som skil seg tydeleg frå seinare avsetningar på stølen. Under eit masterstudium i 2004 blei det føreteke C14-datering og pollenanalyse av dyrkingslaget. Botn av dette laget blei datert til førromersk jarnalder, 400-370 f.Kr. (TUa-5072). Pollenanalysen viste at lokaliteten heile tida har hatt eit ope terreng, og verdiane for gras (Poaceae) og halvgrass (Cyperaceae) har vore stabile heilt fram til i dag. Beiteindikatorar som Smalkjempe (Plantago lanceolata), kurvblomster (Asteraceae sect. Cichorium og Solidago type), soleier (Ranunculus acris type) og engsyre (Rumex acetosa) blei påvist alt frå førromersk jernalder, medan det også blei påvist bygg (Hordeum) lengre oppe i same laget. Dyrkingslag
Rektangulær tuft på om lag 3,5 x 5 meter, orientert på same måte som den nyare seterbua på staden. Synleg som ei svak og flat graskledt forhøgning/vollar (opptil 10 cm). Det blei stukke med sonderingsbor fleire stader i tufta, der boret stoppa om lag etter 20 cm. På ein stad, i hjørnet av tufta blei føreteke tatt eit prøvestikk. Her blei påvist eit hellelagt golv. I tilknyting til hellene blei det påvist eit mørkt kolhaldig lag, tolka som golvavsetningar. Det blei teke ei kolprøve av laget som blei datert til 1030-1220 e.Kr. (1820 +/-60 BP, Beta 323546). Av 40 kullbiter var 36 Betula (bjørk), 3 Pinus (furu) og 1 Sorbus rogn). Kun bjørk blei datert. Over og under laget blei det påvist eit gråbrunt lag av om lag same karakter som elles på vollen. Golvet og seinare profilen blei reinsa fram, fotografert og teikna.
Svart, jordblanda kollag på opptil 3 cm cm som blei påvist blei påvist i sjakt 1, like aust for hytta på 159/44 og hustufta som har same datering (ID 109907-2). Dette kan vere eit muleg brannlag, men kan også vere eit kullager med samanheng til smiing, jarnutvinning eller liknande, inne i tufta. Treartsbestemminga kan tale for det siste. Kullageret synes likevel å markere slutten på den jarnframstillingsrelaterte aktiviteten på lokaliteten.
Lita steinsamling på om lag 0,5 m i diameter, beståande av nevestor, kantete stein. Minst ein av steinane er skjørbrent. Strukturen blei funne i lag 4, tolka som ei dyrkingsflate eller liknande, men nokon av steinane kan også synes å stikke ned i kull og kulturlaga under. Jordmassane kring strukturen skil seg ikkje nemneverdig frå laget elles, og det synes som at jordlaget er yngre enn strukturen.