Beskrivelse fra lokalitet:
Gravrøys på NV/SØ-gående odde. Mer synlig fra landsiden enn fra sjøsiden. Ligger på en N-gående bergrygg hvor det ikke ble observert flere gravminner.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Diameter: 6m. Høyde: 0,4m.Type: Rundrøys. Attributter: Plyndringsgrop ;Gravrøys med plyndrergrop 2m. I dm. trolig ei jordblandet røys. Er overvokst med gras og noen større lauvtrær.
Geometri justert etter kontrollregistrering i juli 2021.
I sjakt 72/11-2 vart det registrert eitt mogleg stolpehol i profilveggen. I sjakt 72/11-3 vart det registrert 18 stolpehol og ca 90 staurhol. I tillegg vart her registrert ein mogleg samanrast steinvegg/mur.
I sjakt 72/11-2 vart det funne eitt sikkert avslag i lærdalskvartsitt og fleire tvilsomme kvartsittavslag, brent og ubrent bein, varmepåverka stein og ein mogleg knakkestein.
Beskrivelse fra lokalitet:
Ei funnførande sjakt utgjer lok., sjakt 77/2-3. Ein mogleg eldstad registrert.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Ein mogleg eldstad vart registrert i V-delen av sjakta. Truleg også gamal dyrking i sjakta.
Beskrivelse fra lokalitet:
Ei funnførande sjakt utgjer lok., sjakt 77/1-4. Funn av stolpehol.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Det vart registrert 15 små (3-5 cm i diameter) staur/stolpehol. Midt i N-delen av sjakta var eit større fyllskift, mogleg stolpehol (20 cm i dm). Dette vart snitta og gjekk 13 cm ned i grunnen. I ytterkanten av dette fyllskiftet vart det funne eit sikkert avslag i Lærdalskvartsitt.
Jordbland gravrøys som er sterkt skada av nyare inngrep. Ligg lengst SV av to røyser. Den synlege delen er 9x7 m, men ei nyare påbygging av rydningsstein har gjeve den måla 15x11,5 m. Høgda er 1,6 m. Den eldste delen av røysa er dekka av gras og der veks det unge bjørke-, rogne-, ospe-, og seljetre. Ein del stein stikk opp i dagen. Dei har jamn storleik frå hovudstor og noko større. Midt i røysaer det eit søkk som mel 2,2 x 1,7 m, og som er 0,5 m djupt. I den SV-lege delen ligg ei tuft etter ei tørkestove, høgst sannsynleg frå nyare tid. Denne har skåre seg 1 m inn i ytterkanten på røysa.
Jordblanda gravrøys som er sterkt skada av nyare inngrep. Den ligg 25 m NA for gravrøys 1. Røysa er 12,2 x 8,7 m stor og 1,6 m høg. Røysa er dekka av gras og mose. Ein del unge bjørker, seljer og osper, samt to furutre står på den. I midten av røysa er det ei grop som mel 2,5 x 3,4 m og er 0,5 m djup. Tilsynelatande er masse drege ut mot NV. I fylgje Olav Hallvardson Skårheim var bulldosaren inne på området på 1950-talet. Røysa har difor ein noko rettkanta og firkanta avgrensing. Noko stein stikk opp. Dei har jamn storleik, frå hovudstor og noko større.
Ryggen faller bratt av mot Ø og noe mindre bratt mot S. Mot V og N er hellingen til dels meget slak. Langs V-siden av ryggen går en sti eller spaservei som synes å være delvis oppbygget, opp mot S-pynten. Oppå og rundt kronen av denne er det mot Ø, S og V spor av en gressgrodd oppmuring av større rundkamp. Grunnflaten er nærmest firkantet. Midt i er en grunn fordypning. Mot S hvor det går et tråkk S-over og ned fra ryggen, ligger steinene i dagen. På dette partiet har oppmuringen stor likhet med en bygdeborgmur. Ved mindre prøvestikk konstaterte man at det innimellom rundkampen finnes kalk og også teglstein. Noe forhistorisk anlegg er det derfor ikke. Det er imidlertid rimelig å anta at oppmuringen må ha vært grunnmuren til en form for bygning, kanskje et utsiktstårn? Mot N-enden av bergryggen og i V-hellingen fantes tidligere en gressgrodd runding med en tydelig grop i midten. Den synes å ha bestått av en god del jord. Har kanskje vært et anlegg tilsvarende det i S-enden. Påvist av Edmund Ree, Bassengv 18 a, 1500 Moss.
Beskrivelse fra lokalitet:
To fossile åkrar med rydningsrøyser.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Den fyrste åkeren er avlang og mel 25 x 10 m. Åkerreinene og åkerkantane er markerte med eit fall på 0,5 m. 1 m innanfor åkerreina ligg det 13-14 røyser. Dei er runde og ligg som perler på ei snor. Røysene er jamstore og er lagt opp av knyttneve til hovudstor stein. Tverrsnittet er frå 1,2 til 1,5 m og høgda er frå 0,2 til 0,3 m. Vanleg avstand mellom dei er 1,7 m. Minste målte er 1,2 m og største 2,2 m. Den andre åkeren er avlang og mel 130 m x 20-50 m. Åkerrein og åkerkant er tydelege. Rett ovanfor åkerreina ligg det minst 20 røyser. Dei ligg som perler på ei snor. Fleirtalet av røysene er bygde opp av runde, store jordfaste steinar. Storleiken på steinane i røysa er frå knyttneve til hovudstore. Dei er jamstore og har ei avlang form. Storleiken er 2,2 m x 1,4 m og høgda frå 0,3 til 0,5 m. Avstanden mellom dei er frå 1,5 til 2,5 m.