Rydningsrøys 1 ligg ca 7,5 m SV for grensegjerdet mot bruket 62/4. Den er om lag 1,5 x 2,3 m og 0,15 m høg. Steinane i røysa er frå knyttnevestor til hovudstor. Steinane er dekte av mose og lav, og ligg kasta opp i bakken like ovanfor skiljet mellom beite- og slåttemarka og den bratte lauvlia.
Rydningsrøys 2 ligg omtrent kant i kant med røys 1, og er truleg noko yngre enn dei andre røysene. Storleiken er 1,8 x 2 m og høgda er 0,2-0,3 m. Steinane er frå knyttnevestor til hovudstor. Røysa er lavdekt, men har ikkje så mykje gras og mose over seg som dei tre andre.
Rydningsrøys 3 ligg om lag 1,2 m SA av røys 2. Storleiken er 1,6 x 1,8 m, og høgda er 0,2 x 0,3 m. Steinane er frå knyttnevestore til hovudstore, med nokre større steinar i botnen. Lav og mosevokst med noko gras.
Rydningsrøys 2: 1,4 x 2 m og 0,6 m høg. Delvis oppstabla stein som varierar mellom 1,1 og 0,3 m, men i botnen av røysa er det noko større stein. Grodd med lav.