Struktur 22 ligg midt i struktur 21. Den er 0,47 x 0,55 meter i diameter. Det er kolhaldig sandjord med nokre småsteinar i. Strukturen er klårt avgrensa.
Struktur 19 er ca 0,95 x 1 meter, rund i forma. Fyllskift av kolhaldig sandjord. Strukturen er klårt avgrensa. Den ligg ca 0,5 meter nord for S 18. Det er tre små steinar i søraustre delen av strukturen.
Struktur 20 er ca 0,9 x 1 meter i diameter. Den inneheld kolhaldig sandjord og skjørbrend stein og er klårt avgrensa. Det er kolflekkar ved sidan av strukturen. Det fins brende og ubrende bein i toppen av strukturen.
Dyrkningsprofil. På toppen finn ein eit lag som er mellom 0,9 og 1,25 meter. Laget er lyst brunt og inneheld mykje stor stein. Lag 2 er rundt 0,1 meter tjukt. Det er eit brunt sandhaldig humuslag. Dette laget sluttar om lag 7 meter mot sør. Det vart funne brent bein og brent leire i dette laget. Lag 3 er rundt 0,05 meter tjukt. Det er eit lyst sandlag. Lag 4 er brunt. Det er mørkare og meir kompakt humushaldig enn lag 2. Det vart funne brent leire i laget. Laget er rundt 0,2 meter tjukt. Lag 5 er eit lyst sandlag, mellom 0,02 og 0,05 meter tjukt. Lag 6 er enno mørkare og meir kompakt enn lag 4. Det er dessutan meir kolhaldig. Også i dette laget var det brent leire. Laget er rundt 0,16 meter tjukt. I botnen er eit lyst sandlag (lag 7). Det lyse sandlaget på botnen er steril undergrunn. Lag 6 er eit dyrkningslag. Dette laget er datert til BC 375-200, førromersk jarnalder (TUa-4898). Det lyse sandlaget som ligg over (lag 5) representerar anten jordsig, eller det er massar som elva har lagt att etter å ha gått over breiddene sine. Lag 4 er også eit dyrkningslag, medan lag 3 truleg representerar det same som lag 5. Lag 2 er eit dyrkningslag. Det øvste laget, lag 1, representerar truleg eit moderne dyrkningslag. All den store steinen i dette laget er rasmassar. I botnen er ardspor.
Lokaliteten ble gravd ut i 2009 av Universitetsmuseet i Bergen (UM). Geometrien omfatter utgravd areal av gård- og samlingsstedet fra yngre jernalder på Bjørkum, samt de arealene som er bygd ned av eksisterende bilvei. Innenfor samlingsstedet ble det påvist 14 grophus, ni stolpebygde hus, et produksjonsanlegg, kokegroper, ildsteder samt dyrkningslag.
Strukturen er 1 x 1,5 meter. Strukturen inneheld trekolhaldig sand med noko raudbrend sand. Strukturen er relativt klårt avgrensa. Det ligg nokon steinar i ytterkanten av strukturen, men det er usikkert om desse har nokon samanheng med kvarandre. Det kan vera botnen på ein omn.
Strukturen er ca 0,65 x 0,65 meter i diameter. Den inneheld kolhaldig sand med noko småstein. Strukturen er klårt avgrensa, rund i forma. Det er noko spreidd kol utanfor strukturen. Truleg stolpehol. Ca 0,2 meter sør for S 6 ligg det ein rund struktur; 10 x 11 cm. Det kan også vera eit lite stolpehol.
Struktur 7. Denne strukturen ligg sør for struktur 6 og er ca 0,76 x 0,8 meter i diameter. Det er ein steinpakning med markert kolstripe rundt. Det er tettpakka med stein, nokon er varmepåverka. Strukturen er klårt avgrensa. Det er kol i strukturen. Det er ein stor stein rett utanfor strukturen i SSA, men det er truleg ingen samanheng. Ein del av steinane er mellom 0,1 og 0,2 meter (nærare 0,2 meter). Det er sandhaldig masse med noko grus i strukturen. Det kan vera ei nedgraving eller ei kokegrop.