Det er tatt fleire funnførande prøvestikk på flaten, som igjen avgrensar seg naturleg til området ikring. Flaten er vel 50 kvadratmeter sor og er avgrensa av vollar og bergnabbar i terrenget. Området rundt er undersøkt men utan funn av gjenstandar. Slik vert lokaliteten avgrensa. Flaten har eit naturleg utsyn mot nordvest der det i dag går eit drag heilt ned til sjøen. Det er tatt seks prøvestikk på lokaliteten, der fire av dei er funnførande. Alle er lokalisert i nordre del av flaten, inn mot ei forhøgning i terrenget. Lagdelinga på lokaliteten er naturlegvis noko påverka av slitasjen frå beitande dyr, slik at torvlaget i prøvestikk 3 berre er 4-5 cm tjukt, medan det i dei andre er mellom 15 og 20 cm. Vidare er det i laga under mykje blanda med sand, noko som tyder på åkerbruk og/eller beiting. Funnmaterialet er funne i dei øvste laga under torva, noko som tyder på at her har førekome ein del omsnuing av massane.
Flaten som lokaliteten ligg på ligg i ein slak skrånande bakke vendt mot nordvest. I draget synest dyrkingslaget vera konsentrert til den sørlege kanten, der laget er markert tjukkast og forsvinn heil på nordsida. Dyrkingslaget er opp til 50 cm tjukk svært kolhaldig jord og sandblanda lag. Dette laget finnest i fleire prøvestikk i ein utstrekning på om lag 40 x 10 meter, nord-søraustleg retning. Lagdelinga i prøvestikk 3 viser at det kolhaldige laget er delt i fire ulike lag; lag 1 er eit torv- og jordlag. Under dette har ein eit svart lag med sand og grus (lag 2). Lag 3 er ei klart markert linse eller lag med trekol på vel 1-3 cm. Lag 4 har igjen den same konsistens og farge som lag 2, og er vel 20-22 cm tjukt. Lag 5 er eit brunt sandlag som og inneheld noko trekol. Ut i frå dei stratigrafiske tilhøva er det vanskeleg å avgjere om dyrkingslaget er resultat av nyare tids jordbruksverksemd eller om det kan knytast til førhistorisk aktivitet. Det er tatt ut to trekolprøver frå profilen (lag 2 og lag 4).
Ca. 8 m V for elva, og 17 m S for flomål: Oval grunn grop 5 x 4 m, dybde ca 0,3 m. Ville blitt registrert som steinaldertuft dersom den lå høyere over havet. Høyde over havet 3-4 m.
Tuft, rektangulær, orientert Ø-V. Tegner seg som en noe utydelig forhøyning i terrenget med en innvendig forsenkning. Stein i dagen langs kantene. Lengde ca 6 m, bredde ca 4 m, høyde inntil 0,35 m.
Her er det i dag lagt ned ein kommunal vassleidning og funnet vart plukka opp i overflata av grøftemassane. Det er ikkje påvist funn i området rundt funnstaden, områder som ikkje er forstyrra slik at funnstaden neppe er opphavleg, men må tilskrivast ein annan lokalitet. Her er det naturleg å knyta funnet til lokalitet 12 som er funne på toppen av draget tett ved vegen.
Funnstaden ligg like ved bekken i det vestlegaste draget. Før var her opparbeidd kulturlandskap med ein mindre husmannsplass i nærleiken. No er det i hovudsak ei steinfylling der ei større steinblokk står igjen. Under denne har ein ein liten hellar på vel 10 m2 der dråpefallet går vel 2 meter ut. Hellaren kan ha vore større, men er i dag sprengt bort. Hellaropninga ligg vendt mot sør-sørvest ut mot området som i dag er beitemark. Hellaren ligg vel 50-80 meter nord for lokalitet 3. Det er tatt eit prøvestikk i lokaliteten. Overflaten er fylt med stein slik at ein vanskeleg kjem ned i grunnen. Lagdelinga viser at ein har eit relativt tynt lag med torv, 3-5 cm. Under dette synest laget vera homogent heilt ned til botn. Her er det brun sand og jord, med spreidde trekolbitar i. Dette laget er vel 50 cm tjukt, og er funnførande.
Lokaliteten ligg på ei avgrensa berghylle vendt mot sør nær det sørlegaste draget opp frå sjøen. Området er ein del av det større beitearealet der lokalitetane 3-6 er påvist. Området er likevel avgrensa av små kollar, og ligg noko lågare enn sjølve beiteflata. Området får så ei utstrekning på vel 100 kvadratmeter. På flaten er det påvist eit søkk i bakken som kan vere ei kolmile/eldstad. Undersøking med sonderbor viste eit markert lag med trekol i søkket. Om dette høyrer til same bruksfase som steinavslaga er usikkert, men er her tolka som ein lokalitet samla. Det er tatt sju prøvestikk på lokaliteten der 5 er funngjevande. Lagdelinga er i hovudsak slik at ein har eit 6-18 cm tjukt torvlag. Vidare er dte eit dyrkingslag av jord, sand og grus, som er blanda med trekol og gjer laget svart. Under dette kjem berget opp.