Ammunisjonsbunker med to rom og to inngangar. Løpegangar til kanonstilling er synleg i terrenget. Eine rommet har kommunikasjonssamband, men elles er den tom. Denne har lik utforming som bunkeren sør for Tangevegen.
Sirkulær kanonstilling, 10 m i diameter. Det einaste som var synleg før sjakting var eit jernrøyr som er plassert i midten av stillinga. Verkar noko sprengd i midtre del.
Kanonstilling med lik utforming som dei to andre stillingane. Denne var ikkje synleg over markoverflata, og vart tilfeldig oppdaga ved prøvestikking og deretter grove ut med maskin.
Denne kanonstillinga er annleis enn dei andre som er funne på området. Den er sirkulær, 12 m i diameter og består av tre nivå, medan midten er uberørt undergrunn. Betongen er ikkje av like god kvalitet, og på det tjukkaste måler stillinga 40 cm. Midtpartiet er også berre tynn betong som er lagt rett på undergrunn. Den er ikkje like nøye konstruert slik som ein ser ved dei andre. Denne kan ha vore nytta til dei eldre kanonane, då det ligg ei ny kanonstilling like sør for denne.
Denne består av ei halv kanonstilling, berre 7 m i diameter. Den er lik den andre som truleg var laga til dei eldre kanonane. Stillinga har vorte kutta fordi det i nordleg del har vorte plassert ein bunker.
Mannskapsbunker med to innganger. Bunkeren ligg nært knytta til kanonstilling og ein større bunker mot nordaust. Bunkeren har eit rom kor det fortsatt er feltsenger på veggane. Den har i tillegg ei maskingæverstilling med eigen inngang. Utvendig er den dekorert med kamuflasjemønster.
Fornminne: Boplass. Ingen ting ble funnet ved registreringa, men da Havnø i sine notater så entydig nevner dalen som boplassområde, og da det aktuelle område ikke er så stort, samt at torvsjåen enda så vidt kan påvises - velger vi å prikke inn plassen.
Røysa er rasert av tyskarane. Ca. 1/2 bevart. Ein god del stein, ca. 30 cm store, ligg i dagen. Markert søk/parti med mindre stein sentralt i røysresten.