Varde forma som ein steinkross. Årli: "Det er ei segn om eit prestefølgje som fraus i hel på veg til messe i Hægebostad vinterstid. ... Det måtte vere mykje snø å stampa i, for då dei kom til Svoan kasta dei av ein laks for å letta lasset. Her står ennå ein høg stein til minne. Den er kalla Laksen. Lenger inne på heia er Karmen. Her måtte dei spenna frå karmsleden. Lenger borte ligg Hestvatnet. Der staup hesten. Her er reist ein varde, men den er til minne of Fia Stakkeland som fraus i hel. Så måtte dei stampa seg opp dei lange Prestbrodan til Støvlevatnet. Vidare måtte dei framom Grokjødna. Der miste både deknen og hunden livet. Dei gamle kunne fortelja at det stod vardar som heitte Karmen, Hunden og Deknen. Alle desse vardane er nedrevne. ... Minnesteinen over presten står ved denne gamle stien. ... Prestfrua heldt ut lengst, men ho tok feil av vegen i snøtykka. Ho tok opp for ein bratt bakke. Her er og reist ein varde som er kalla Frua."
Å. Årli: "Bestefar og bestemor budde i Borhommen. ... Ein dag var det lenge før kyrne kom heim frå skogen og bestemor gjekk for å sjå etter dei. ... Så plutselig, inni Grimedalen fekk ho sjå ein bøling på 15-20 kyr. Dei var sidute og droplute med store jur og så feite og blanke at dei skein i kveldsola. På horna hadde dei blanke messingklådrar som blenkte i sola. Bestemor meinte ho kjende buskapane på alle gardane omkring, men ho kunne ikkje skjøna kven som hadde ein slik bøling. Ho gjekk nærare og der millom dyra fekk ho sjå gjætargjenta. Ho hadde langt ljost hår og gjekk med ein fin grøn stakk og raudt snøreliv. På ryggen bar ho eit lite barn i ein linne. ... Ho (bestemor) gjekk bort der ho hadde sett bølingen, men ikkje så mykje som eit spor var å sjå. Då fyrst gjekk det opp for henne at det var ein huldrebuskap og huldregjente ho hadde sett."
Å. Årli: "På heia mellom Biktjørn og Versland ligg det eit lita myrtjørn som heiter Kjeringtjørna. Etter sagnet skal ho ha fått namn etter denne hendinga: I eldre tider rak det mange fantefylgje rundt i bygdene. ... Ein kveld seinhaustes kom det eit fantefylgje til Biktjørn og millom dei var det ei utgamal fantekjering. Om kvelden sat ho i omnskråa og sipa og gret, ho tyktes vera reint ulukkeleg. Då fanten gjekk ut skunda kona i huset seg å spørja gamlemor kva det var som var så gale og kva ho gret for. Gamlemor sipa endå meir og kviskra: "I morgen skal jeg dyppes, senkes ned, senkes ned". Kona akta ikkje serleg på dette, då ho tenkte at den gamle var åreforkalka og rørde. Om morgonen reiste fantane vidare opp Kleiva og til Versland. Men då dei kom dit var gamlemor vekk. Segna fortel at dei hadde bunde ein stein til henne og søkt ho ned i den vesle tjørna. Dette skulle vera ein vanleg måte som fantane brukte for å kvitta seg med dei gamle som det ellers var eit ork å dra med seg rundt. Sidan har tjørna heitt Kjeringtjørna."
Å. Årli: "Heia nord for Store Sandvatn på Røyselandsheia er kalla Rysefalleheia. Etter gamal segn skal heia ha fått namn av at rysen fall her. Det skulle ha gått slik fyre seg: I heiane, truleg borte i Gyland, budde det i gamal tid ein stor ryse. Han sprang på frieri til ei rysefrøken som budde i Homstona, eit fjell i Tjørnhom. Ei natt kom hans seg ikkje av stad frå gjenta si før langt utpå morgonen. Han skunda seg vestover elva og opp framum Røyseland og over heia mot Gyland. Han skunda seg alt han vann for å rekkja heim før sola rann, men då han kom på heia nord for Store Sandvatn, rann sola, og rysen vart til stein og sprakk i småbitar då han datt. Endå står spora etter han bortover bergrinden, og i enden av spora ligg det ei steinrøys der han datt. Sidan har heia vorte heitande Rysefallheia." Kartfestinga er omtrentleg.
Å. Årli: "I søndre ende av garden Oksefjell ligg det nokre store steinar like ved vegen til Røyseland (Røynestad?). Den største av desse er kalle Oksesteinen. Det heiter i eit gamalt sagn at attmed desse steinane brukte dei underjordiske å samla buskapen sin. Dersom bøndene ikkje kunne få kalv i kyrne sine så kunne dei berre leia dei fram til den store steinen og så gå ifrå dei der, då kunne dei vera sikre på at kyrne vart med kalv. Dei kalvane som kom etter desse underjordiske oksane vart alltid gode trivelege dyr. Denne steinen vart kalla Oksesteinen og heiter det den dag i dag."
Å. Årli: "På Nedre Omland ligg ei tjørn. Ho ligg på grensa mellom Rafoss og Omland og er omgitt av fjell og skog. I gamle dagar kunne folk sjå fjøslykter rundt tjørna om kveldane. Dei sa at det var dei underjordiske som kom opp frå tjørna for å beita kyrne sine. Når folk på Omland skulle ha kyrne sine til stut, sleppte dei bare kyrne ut der dei trudde dei underjordiske var. Slik blei kyrne med kalv, og det var alltid store og gilde kalvar som blei fødde."
Å. Årli: "Dette er den største og beste utslåtta i bygda. ... Her er jord nok til fleire store gardar. ... I lang tid har folk frå Galdal og Knibestøl hatt utslåtter på Gunforsmonen. I eldre tid var her svært gode utslåtter. ... Når folk skulle til med slåtten, så var der ikkje gras. Der hadde vore krøter og gnaga av kvart strå. Dette hende år etter år. ... Dei måtte finna ut kven det var som stal graset år etter år. Dei skulle overnatta i ei utjordsløa, men ein måtte halda vakt heile natta. Då det lei ut på morgonsida, fekk dei sjå ein stor bøling med feite, store kyr som gjekk og åt gras. ... Nå opna det seg ein stor port i Målingsknuten. Det kom ut ei fin jente og kalla krøteret inn i fjellet. Dei hadde sett dei underjordiske. Prof. Torleiv Hannaas fortel i boka Vest-Agder, side 28, om eit bryllup hos dei underjordiske på Gunforsmonen. Eiel Fåland frå Hægebostad skulle gå over heia frå Hægebostad til Kvinesdal. ... Då han kom til Gunforsmonen, såg han store hus og rugåkrer over heile monen. ... Tønnes Ommundsen Kalstøl kom over heia frå Eiken. Då han kom til Gunforsmonen, fekk han sjå eit raudmåla hus som han aldri hadde sett før. Ei fin smilande jente kom ut og baud Tønnes inn. Ho var kledd i blå stakk og rødt liv. Tønnes blei traktert med mat og drikke. Han var på Gunforsmonen fleire gonger seinare, men såg aldri att huset. ... Nokre folk frå Steinsland såg eingong eit stort, staselig brudefølgje med spelemann i spissen som rei over Gunforsmonen. Dei rei på kolsvarte hestar med blanke skinande sølvsalar. Følgjet tok opp gjennom Mælingsdalen og så blei dei borte i skogen. Ein gut frå Steinsland var på jakt ein fin, mild haustdag. ... Då høyrde guten slik dårande kulokking i Gunforsdalen. Då fekk han sjå ein stor krøterflokk av svartsida og rødsida kyr. Men så kom skodda veltande ned over dalen og krøteret blei borte."