Lok. vart registrert i 1993. Funn i to sjakter utgjorde lokaliteten: Sjakt 1 vart opna frå kanten av kjerrevegen i A. Frå V-enden av sjakta og fram til gjerdet mot avfallsdeponiet var det om lag 35 m. Sjakta målte 45 x 3 m og var mellom 30 og 60 cm djup. 1 eldstad, 5 moglege stolpehol Flateavdekking. Planteikning. 5 fyllskift snitta. Trekolprøve frå eldstaden, ikkje datert. Sjakt 2 låg 4 m A for gjerdet. Bekken renn omlag 35 S for søre enden av sjakta. Sjakta var 3,5/4 m brei og 46 m lang. 40-50 cm matjord. 58 strukturar, dei fleste stolpehol. 1 eldstad, 1 kokegrop, 1 kulturlag, 1 inngangsparti. Funn: flintavslag med retusj, bryne av grov bergart, keramikkskar, brende leribitar, brent bein. Flatavdekking, planteikning, eldstad/kokegrop snitta, 17 moglege stolpehol snitta. Fire trekolprøvar, to av dei daterte (kulturlag og stolpehol). 761-631 BC (Beta nr 65960, stolpehol O), 814-601 BC (Beta nr. 65961, kulturlag fyllskift S). Lok. vart utgravd av Bergen Museum i 1995. Om lag 3 mål vart undersøkt. Om lag 570 strukturar vart registrert. Det vart påvist to sikre hus, tre moglege grophus, samt mange meir og mindre sikre stolpehol. Det vart dessutan registrert kokegroper/eldstadar og dyrkingslag. Utgravingsrapporten ligg til grunn for informasjonen som ligg på enkeltminna.